|
Vikebygd
Flyktningemottak på Dommarsnes
(24.6.09)
Tysdag 23. juni drøfta formannskapet forespurdnaden om å leiga kaiplass på Dommarsnes til asyl-flotell. Mange uttrykte klart at det å plassera 220
flykningar på ein lekter i eit steinbrot utan brukande infrastruktur, er ein
dårleg måte å ta imot menneske som er i naud. Dei sa derfor nei til å
leiga ut området til dette bruket. Hof Eigedom ser nå etter andre aktuelle
stader å plassera asylmottaket.
(20.6.09, bakgrunn)
Eit firma ynskjer å plassera 220 flyktningar i brakker på ein lekter ved Dommarsnes. Truleg vert dette flykningar frå krigen i Afganistan. Hof Eigedom er nå i forhandlingar med UDI og Vindafjord kommune, mens folk i Vikebygd er svært skeptiske til planane og etterlyser meir informasjon.
I Pekonor-tida, på slutten av 80-talet, var det mange hundre menn og kvinner som budde i brakkeriggar på Dommarsnes. Nå vurderer ei bedrift som ber namnet "Hof Eigedom" å nytta den store djupvasskaien på industriområdet til å fortøya ein lekter påmontert bustadbrakker med 82 hybelrom, kvar med 2-3 senger. Her vil tilbyr dei UDI å leiga plass til 220 flyktningar. Manger stiller seg spørsmålet om dette er ei fornuftig
løysing. Avstand til butikkar der dei kan kjøpa klede og anna dei treng, er stor. Her er smått med bussruter og det er begrensa med høve til å aktivisera så mange i ei lita bygd. Eit anna spørsmål er tilgongen på helsetenester i kommunen, dersom talet på brukarar aukar så drastig som det her kan bli.
Menneske som opplever så alvorlege tilstander i sitt eige heimland at dei i frykt for eige og familien sitt liv må røma frå heimlandet, -dei har krav på hjelp. Vi er eit rikt land som sjølv har opplevd krig. Då var det nordmenn som i ulike farkostar måtte røma over havet til England. Ein del tok seg over til, Sverige.
Nå er det andre som bankar på vår dør. Spørsmålet er korleis
vi skal leggja til rette for desse menneska som er i naud. Er ein lekter på eit industrifelt i utkant-Noreg det vi kan tilby? Vil ein så stor konsentrasjon av flyktningar i ei lita bygd føra med seg utfordringar som er større enn lokalsamfunnet kan handtera? UDI Vest meiner at ei avgjerd kan koma i neste veke, men dette vert avvist av ordførar Bergsvåg. Kommunen må ta stilling til utleige av industriområdet og vil
ha folkemøte i vikebygd først.
Rådmann Kristian Birkeland seier i Haugesunds Avis:
-- Eg er litt skeptisk til plasseringa. Dette er eit utprega industriområde med dårleg infrastruktur. Her er verken buss eller butikk.
Rune Hetland som er leiar i grendautvalet, er skuffa over liten informasjon og at dei ikkje er inviterte med på synfaringa. -Plasseringa er heilt feil, seier han i Haugesunds avis. Fleire andre peikar også på at plassering på eit industriområde utan tilrettelagde offentlege tenester og kom-munikasjonar, er ei dårleg løysing både for lokalsamfunnet og for flykningane.
Les meir om denne saka her:
Haugesunds Avis 23.6.09:
Formannskapet sa nei
Grannar 17.6.09: Asylmottak på industriområde
Haugesunds Avis 18.06.09: Asylmottak på lekter
Haugesunds Avis 18.06.09: Vil etablera asylflotell
Dagbladet 18.06.09: Vil etablere asylflotell
Radio Haugaland 18.6.09: Vil etablere flytende asylmottak.
(Steinar S)
|