:
"Berre ein liten EU gard"
(27.4.2009) Lembinga er alt ferdig på ein del av gardane rundt oss, mens andre framleis er i full gong. Ute på bøen spring kvite og nyfødde lamb. Søya veit nok kven som er hennar. Ho luktar i rumpa på lambet. Er det rett lukt
så får det sleppa til og drikka, men andre vert skuva bort.
Ikkje rare økonomien om ein reknar fortenesta på sauene åleine, -men dei er gode å ha for å pussa av beita, fortel Kjetil Skartland. Han er ein av dei som held oppe tradisjonen med å halda sau i tillegg til mjølkeproduksjonen. Her durar det også dagleg i gardssaga. Plank og pallematerialar vert produserte i ledige stunder.
Kombinasjon av fleire bein å stå på er naudsynleg for å halda hjula i gong på vestlands-gardane i dag.
Me synes nok det er lite med dei måla med jordlappar vi har her. Men eg var ein tur i England ein sommar. Gardsturisme kan vi vel kalla det. Kona på garden leigde ut fleire rom i det store gamle våningshuset i mur på garden. Mannen dreiv med ein del ammekyr i tillegg til
einsarta korn på store flater.
-Kor stor er garden din, spurde eg.
Det ville han ikkje ut med.
-Berre ein liten EU gard, sa han.
-Ikkje til å leva av. Men det går rundt når kona driv med Bed and Breakfast og borna er flytta heimanfrå så det berre er oss to eldre som skal leva av det.
Men eg ga meg ikkje. -Kjem ifrå gard sjølv, så eg lurer nå på kor mykje dyrka mark du har, sa nå eg.
-Å ikkje meir enn 250 hektar (2500 mål). Berre ein liten EU-gard. Lite å leva, svara han.
Nå er nok ikkje vi med i EU, men jammen lever det heile familiar på gardane her på Vestlandet. Endå om storleiken på dyrkamark berre er 10% av ein liten EU-gard. Så var det heller ikkje her at finanskrisa tok til.
(Steinar S)