|
Påskefeiring 2009
Gudsteneste på Vikestølen
(5.4.2009) Palmesøndag vart det invitert til gudsteneste på Vikestølen. Bjoa sokneråd hadde ansvaret for denne felles- gudstenesta for Vik og Bjoa, som tok til klokka
13:15. Omlag 35-40 tok turen opp til stølen og samla seg ute på terrassen sør for hytta. Prost Arne Øystese frå Sauda, forretta gudstenesta kledd i prestekjole, ståande midt i røyken frå eit bål. Han tala over teksten om kvinna som salva Jesus før han drog inn i Jerusalem og vart hylla med palmegreiner og song av folket.
Litt grått vêr med kjølig vind, men opphald og einskilde solglytt gjorde at flokken samlast ute slik ein skal gjera på ei friluftsgudsteneste. Etterpå gjekk praten rundt bord medan folk nytte kaffi og nistemat. På Bjoa skulle dei ned til Eikås for å starta turorienteringa med skattejakt, klokka 15.00.
(12.4.2009)
Men Gudstenester vart det fleire gonger i påsken. I vikebygd kom mange saman i kyrkja Skjærtorsdag og fekk der feira nattverd. Ei handling Jesus innsette før han gjekk til hagen i Kedron. Der var han i bøn til han vart arrestert. Dagen etterpå vart han krossfest på Golgata.
Søndag, 1. påskedag, vart folk igjen inviterte til kyrkje. Klokka 17.00 var det påskesang-gudsteneste. Den nyutdanna organisten frå Ølensvåg, Kristina Flatebø, sende dei vakre tonane til påskesongane ut over kyrkja. Til allsong og til solosong av Meling. Kristina held nå på med siste del av utdanninga si i Danmark. Men ho har alt fått seg ny fast jobb om kantor i
Stavanger. Kyrkjelyden der kan gle seg til musikk ved ein svært dyktig organist i tida frametter. Vi ynskjer henne gjerne attende til konsert i kyrkja vår, noko ho har gledd oss med fleire gonger dei siste åra, som td. i mai 2007. I år var ho vikar i kyrkjene i her hos oss.
|