(24.12.08) Som vanleg samlast Vikebuen seg i kyrkja klokka 16.00 på juleafta. 279 store og små kunne kyrkjetenar Mary Tindeland fortelja at det hadde vore. Korpset spela til songane saman med Arne Tveit på kyrkjeorgelet. Ein flott start på jula i bygda. Les meir her.
Full kyrkje på juleafta
Vikebygd skule- og ungdomskorps spelar til julesongane. Flott musikk av eit rutinert korps.
Arkitekt og organist Arne Tveit på orgelkrakken i Vikebygd kyrkje, i samspel med musikk korpset.
Dette er ikkje Ringeren i Notre Dame, men Andreas Tveit som handterar kyrkjeklokkene etter gudstenesta juleafta.
Under sjølve "kiminga" som ringer jula inn klokka 17, må ein vera to. Då samarbeida Andreas Tveit med Steinar Skartland, som handterte kvar si klokke.
Ein held då i sjølve pendelen i klokka og slår slaga for hand med denne. Først einslege og sakte slag vekselsvis med dei to klokkene, så aukar farten gradvis til rask ringing,
før ein går over til to minuttar med vanleg ringing med begge klokkene. Etter ein kort pause tek ein til att med einslege slag.
I grunnen skulle ein ringa frå klokka 17.00 til klokka 18.00. Men i år juksa ein nok litt. Fann ut at det var betre å kima mens folket ennå
var ved kyrkja og kunne høyra på - og slutta av litt over klokka 5.
Sida er sist endra 25. desember 2008. Radio Haugaland
Eldre saker:
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for
Vikebygd.
Formålet med denne nettstaden
er å gje oppdatert informasjon om kva som skjer i Vikebygd. Dersom
lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller forening
så ta kontakt med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.