Laga av barnehagen i Vikebygd - utstilt på butikken til Rolf. (14.4.2008)
KVAMSÅSEN RUNDT Det 26. løpet av "Kvamsåsen Rundt" vart arrangert i Vikebygd Søndag 4. nov. 2007. Første søndag i november er det på ny til for dette laupet. Stiller du?
Ein flott og variert kyrkjelydskveld i Vikebygd kyrkje torsdag 5. juni.
Steinar: 5.juni 08
Born og ungdom dominerte med song, musikk, dans og annan framsyning. Men også bedehusarbeidet for alle aldrar vart presentert både med ord og ljosbilete.
Dansegruppe under leiing av Lene Liodden
Biskop Ernst Baasland og hans fylgje fekk oppleva ein kyrkjelyd med stor aktivitet på mange frontar. Noko Biskopen tok med i si oppsummering frå visitasen. 104 deltok i arrangementet som vart avslutta med utandørs kyrkjekaffi der biskopen fekk gå rundt og helsa på mange av dei frammøtte.
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd. Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon om kva som skjer i Vikebygd. Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller forening så ta kontakt med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.