Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Bibelmaraton - Las Bibelen på 90 timar

Sida er sist endra 26. nov. 2016


Ordførar og Fylkesmann opna
Magnhild Meltveit Kleppa opna Bibelmaraton i Skjold kyrkjeBibelmaraton i Skjold kyrkje

av Steinar Skartland, 8. nov. 2016

Sokneråda i Vikebygd, Skjold og Vats
står bak
arrangementet der heile Bibelen skal lesast frå onsdag til søndag.

Etter ei omvisning i utstilling av barnebiblar, bibelplansjar og ikkje minst barneteikningar frå bibeltema, så samla ei stor gruppe tilhøyrarar seg inne i kyrkjerommet.  Jon Ådnøy og representantar frå sokneråda orienterte om dette tiltaket i samband med bibelselskapet sitt jubileum, før Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesmann i Rogaland opna arrangementet og las første kapittel i Bibelen.  Dette gjorde ho med innleving.

Ordførar Ole Johan Vierdal var neste mann ut med å lesa eit kapittel, før representantar for sokneråda og bygdene i Vindafjord i tur og orden las eit kapittel kvar. Her deltok også representantar frå nabosokn i Tysvær.

Seinare på kvelden var det konfirmantane som bytte på å lesa ei rekkje kapittel utover i Bibelen. På onsdag held dette fram og då er m.a. representantane for bedehusa inviterte til å lesa ein time kvar.


Før lesinga fekk fylkesmann og ordførar studera ulike gamle bibelske motiv og m.a. det kjende hjelpemiddelet frå Søndagsskulen: Flanellografen.

Du kan bli med å oppleva dette, eller å lytta til bibellesinga i Skjold kyrkje:
Onsdag 9.11.  kl 9:00 -24:00
Torsdag 10.11. kl 8:00 - 24:00
Fredag 11.11. kl 08:00-24:00
Laurdag 12.11. kl 00:00 - 24:00
Søndag 13.11. kl 00:00 - 21:00
I denne tida er Skjold kyrkje open for alle som bil ta turen innom.  Les meir her

  
Bibelen vart lesen både på framande språk og norsk. Innhaldet er det same, og med
ekstra biblar i kyrkja kan ein fylgja teksten også om språket skulle vera ukjend.

 


Sokneråda i Vikebygd, Skjold og Vats
inviterer til
Bibelmaraton
Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og ordførar Ole Johan Vierdal opna med lesing
tysdag 8. november kl 16:00.




Meir å vera med på:
Utstillingar:
  • Bibelplansjar frå den tida det heitte "folkeskulen"
  • Teikningar til bibelforteljingar, laga av elevar i skulane i bygdene
  • Kjempesamling av barnebiblar
  • Biblar med spesiell historie
  • Ei 6 meter lang bibelremse med bilete frå Bibelen
Oppgåver:
  • Teikneoppgåver for miindre born
  • Oppgåveark om Bibelen for ulike aldersgrupper
  • Bibeltest for vaksne
Kveldsprogram:
  • Onsdag  kl. 19:00  Mitt bibelvers (Mange er utfordra)
  • Torsdag kl. 19:00  Bibelen - og andre heilage bøker
  • Fredag  kl. 19:00  Songar med tekst frå Bibelen
  • Laurdag kl. 18:00 Bibel-quiz og pizza for store og små

Gudsteneste:  G17-gudsteneste søndag kl 17:00

Vaflar:  Heile veka blir det servert saft, kaffi og vaflar, og til tider litt ekstra.

 

Hyrdingen nr 5, 9MB pdf fil, oktober 2016Kyrkjebladet Hyrdingen
Bak bladet står sokneråda for kyrkjene i Vindafjord.
I redaksjonen set: Steinar Skartland, Trygve Sandvik,
Hanne Haraldseid Brekke og Øivind Jønsson.

Torsdag 20. oktober kjem Hyrdingen nr 5 i år til alle husstandar i Vindafjord. Du kan også lasta ned bladet frå web.

For å kunna senda kyrkjebladet til alle husstandar seks gonger i året (+ på web) er vi avhengige av økonomisk støtte i frå dei som bur i kommunen i form av frivillige bladpengar eller gåver til drifta.
Ynskjer du å støtta arbeidet med å utgi bladet, kan du nytta
bankgiro konto 3201.53.18049
 
Innhaldet i Hyrdingen nr. 5 - 2016

 
 
 
 
 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

Lefsebakaren 
Heimelaga 
Rebekka
2016
November
Julemessa 2016
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org