Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

17. mai feiring i Vikebygd

Sida er sist endra 17. mai 2016

Ei tradisjonsrik feiring av nasjonaldagen i Vikebygd
av Steinar Skartland 17. mai 2016

Håvard Tveit heldt ein kort tale før speidarane heiste flagget i parken klokka 9:45.
Deretter spela korpset "Ja, vi elsker" og folket gjekk i tog opp til kyrkja og gudsteneste.


Speidarane heiser flagget


Korpset spela mange gonger denne dagen, m.a. i kyrkja og ved kransenedlegging.


Prest hadde vi ikkje, men med tale av Jens Tveit, leiing av Brit Nelly Ness Tveit og hjelp av speidarane til å lesa bøner og kunngjeringar, så vart det ei fin start på feiringa, med mykje folk i kyrkja.


Tale og kransenedlegging var det 7. klassingane som stod for.  Klassen hadde laga talen i lag, og den var veldig bra.


Etter Gudsteneste og kransenedlegging ved minnestøtta, gjekk folket i tog gjennom bygda. Flaggborg, barnehagen, musikkorpset, skulen og så bygdefolket elles. Ved aldersbustadane stansa dei og korpset spela for bebuarane der. Toget enda ved bygdahuset der det var kafé, leiker, konkurransar og underhaldning.


Korps og skuleborn har faste plassar i toget.

Vikebuen, Roald Årvik, var hovudtalar i festen som tok til klokka 15:00.
Som den dyktige stimerkjar han er, var talen bygd opp om merkjesteinar som han la ut på scenen og knytte opp mot historiske hendingar gjennom Noregs historie frå 1814 til i dag. Han kom også inn på dei nordmenn og -kvinner som måtte flykta og trekte parallellar til alle dei som i dag må flykta i andre land og kjem til Europa. Og skulle det skje igjen at vi må flykta frå vårt land, korleis vil vi då verta tekne imot?  Roald hausta mange godord for denne flotte talen som fanga interessa hjå både born og vaksne.
 
 

Vikebygdsongen
Tekst: Birgit Veastad Helland,   Melodi: Dei gamle fjelli (Ivar Aasen)

Å Vikebygd vår fagre bygd så ven ei bygd å sjå.
Ho ligg her lunt i livd og trygd av gamle fjella grå.
Og fjorden fin i storm og smil er med og hegnar inn
den bygda som me stundar til og elskar i vårt sinn.

Så vent det er vel ingen stad som her i bygda vår
og hugen vert så lett og glad når me på fjellet står.
Og ser dei gilde heimar her som lunt er kransa inn
av lønn og hegg og bjørketrær, ja gran og furu fin.

Og folket dyrkar jorda trutt, dei byggjer, plantar, sår.
Og sikkert vert her mykje rudt for kvart eit år som går.
Og alle gled seg når her er litt framgang i vår bygd -
Og kjenner at me har så kjær vår heimstad: Vikebygd.

Og alle dei som reiste ut dei lengtar ofte heim
til fjell og li og høgste nut, ja til kvar stubb og stein.
Så jamt i tankar bygda stig framfor det indre syn
når ho i soleglad her ligg i glans frå bryn til bryn.

Gud signe då vår fagre bygd sign folket som her bur
og lever her så godt og trygt hjelp at dei på deg trur
Sign alle dei som ute er og lengta mot sin heim
ver med din sterke arm dei nær Gud vara alle dei.

I kvardag, helg; i glede, sorg, det er så godt å gå
til Gud som er vår faste borg og som oss verja må.
Når kyrkja med sin klokkeljom oss kallar mildt derinn.
Ut over bygda tonar: Kom! Då vegen dit me finn.


 

Minnestøtte ved Austre Vikebygd kyrkje

 




Jens Jensen Årvik
f. 18. febr. 1923
SS Varild
Torpedert av tysk ubåt
25. jan. 1940
Nordsjøen
Johan Svåsand
f. 5. des. 1909
S/S Gro
Torpedert
7. sept 1940
Nordatlanteren
Oskar Olsen
f. 6. juni 1911
S/S Salonica
Torpedert av ubåt
23. nov. 1940
Nordatlanteren



Jonas Årvik
f. 24. jan 1903
M/S Innerøy
Torpedert
22. jan. 1942
Mellom Aruba og Halifax
Martin Dommersnes
f. 15. april 1917
Bona-Wille
Torpedert av fientlig ubåt
9. mars 1943
Atlanteren
Arne Martin Hjartnes
f. 16. juni 1922
S/S Bold Venture
Senket av fientlig ubåt
16. okt. 1941
Nordatlanteren

Georg Olsen
Yngste bror til Oskar Olsen
omkom i februar 1941.
(mangler bilde)
(link)

Klikk på bileta for å lese minneord og
få meir informasjon om kvar og ein av dei.
(Kjelde for stoffet er minneskriv som vart laga då minnestøtta vart reist.)

 
 


Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


xxx
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Mai
Trafikksikring av Plassavegen
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org