Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Påska 2016

Sida er sist endra 26. mars 2016


Sportsgudsteneste på Fjellstøl palmesøndagbr> Samla 50 i varmehytta ved skianlegget

av Steinar Skartland 20.3.2016

Sokneprest Harald EintveitDet er etter kvart ein tradisjon at Sokneprest Harald Eintveit tek prestekjolen med seg opp til skianlegget palmesøndag.  Ei felles gudsteneste som Imsland, Sandeid og Vikedal sokn har ansvaret for.  Klokkar Olav Eikeland ringde inn til gudsteneste med ei stor sauebjølle medan omlag 50 personar hadde benka seg i varmehytta på Fjellstøl.

Det vart ein familieliturgi og salmesong a cappella, då det ikkje var korkje kyrkjeorgel eller kantor med hit. Men med mange gode songarar tett på kvarandre var det ikkje vanskeleg å halda tonen.  Soknepresten hadde føre seg teksten frå Johannes 12, 1-13, om Jesus som vart salva i Betania og då han reid inn i Jerusalem. Palmegreiner vart strødd på vegen føre han, noko som ga namnet til denne søndagen, Palmesøndag.

Etter den gudstenestelege delen var det tid for kyrkjekaffi og drøs mellom folk frå fleire bygder.  Nokre ville nok også ta ein tur på ski eller til fots i terrenget, sjølv om det var regn i lufta.

 


Olalia - Palmesøndag
Framleis godt skiføre innover frå Oppheim
av Steinar Skartland 23.3.2016

For dei som vil ta turen opp til Olalia i påsken så er det ennå snø og godt skiføre, melder Friluftsrådet Vest
- Ein må bera skia 2- 300 meter i starten, men det er ein god snøsåle i løypene. Dei er fine heile vegen inn til Fjellstova. Det blei preparert nye løyper i måndag ettermiddag. Med framleis frost om nettene her oppe så vil løypene halda igjennom påska. Framleis bra med snø lenger inn og opp. Les meir her.
 


Uvêr pregar avslutninga av påska i år
av Steinar Skartland
Starten av påskeveka hadde varmegrader i låglandet, men mange fann finvêr i fjellet og nytta høvet til skiturar.  Med fullmånen Skjertorsdag kom det ei endring i vêret og frå Påskeaftan var det best å halda seg inne. Kuling og høljeregn var vêret laurdag ettermiddag og varselet for søndagen var likeeins.
Oppdatert vêrvarsel for Vikebygd - sjå her
OBS-varsel for Rogaland og Hordaland: Laurdag og søndag sørleg sterk kuling og kan hende liten storm utsette stader, med vindkast på 25-30 m/s. Frå laurdag kveld til søndag føremiddag vil sterk vind og snø gi lokalt vanskelege køyreforhold på fjellovergangane. (YR.no)

Sjå oppdatert vêrmelding framover, her (10 dagars varsel)
 

Take Away gatekjøkken
ved Joker butikken laurdag


- I dag har me gatekjøkken i bygda, deilig kinamat, meldte Ingrid Mathilde Sørvåg på facebook laurdag. Ho hadde kjøpt vårrullar hos Rong Zeng og Yue Li som hadde sett opp ei gatekjøkkenvogn utanfor Joker-butikken på laurdag der dei selde nylaga vårrullar. Dette fall nok i smak hos mange.
(Foto:  Ingrid MS /Facebook)

 

  


Sjå fleire gamle bilete her

Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.  

til hovudsida for Vikebygd


xxx
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 115 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no
 

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Lokale Bedrifter

2016
Mars
Påska
Motorbåtforeningen
Arbeidsløysa redusert
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Kofirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje julaftan
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org