Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd

Basar med årsmøte i Vikebygd bedehus

Sida er sist endra 18. mars 2016

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
 
Ein årleg "før-påske" tradisjon i Vikebygd
Fullt hus og Basar på bedehuset
av Steinar Skartland, 18.3.2016

Dei siste bilane som kom til bedehuset fredag 18. mars måtte parkera litt lengre borte. Det var fullt av bilar på parkeringsplassen.  Inne hadde 55 store og små samla seg til den tradisjonelle bedehusbasaren. 

Bordet framfor talarstolen bogna av gevinstar som var samla inn frå bygdefolk og butikkar.  Dette kunne dei som kjøpte årar vera med og vinna. På veggen hang strikka og broderte ting, handklede og sengetøy. Det skulle trekkjast på loddbøkene til slutt.

Leiaren i styret, Kjersti Hausberg Bjerga kunne ynskja velkommen og takka for alle dei fine loddpremiane som var komne inn. Dei som var litt urolige over at det også var tillyst årsmøte, kunne ho beroliga med at dette skulle gjerast fort unna etter maten.  Ingen trong uroa seg og tenkja på at dei kunne bli valde i styret. Det var alt på plass, ja, om det ikkje kom noko benkeforslag, då. Når ein kom så langt i programmet skunda ho seg å seia at når ho hadde lese opp namna på dei som var føreslegne til styret, så måtte alle skunda seg å klappa - så dei vart valde. Og slik gjekk det.

Dei to som var på val, vart attvalde i styret. Ein varamann vart skifta ut, og dei som nå er i styret er:  Kjersti H. Bjerga (Leiar), Berit Ryvik Skartland (kasserar), Jens Tveit (nestleiar), Marit Larsen og Lene Bjerga. Til vara set: Ingrid M Sørvåg, Jone Bjerga og Geir Vårvik (nyvald). Kjersti kunne opplyse at det nå var Geir Vårvik som hadde teke over ansvaret for innsamlinga av klede til Ukraina. Han hadde også skifta ut eit vindauga på kjøkkenet då det var roteskader i det som var. Bert R. Skartland kunne presentera eit rekneskap som viser overskott og pengar på bok med ein kapital på over 110.000 kr.  Med utleige har huset vore i bruk mest 60 gonger i fjor, sa Kjersti H. Bjerga som las opp årsmeldinga. Her var arbeid for alle aldersgrupper og i tråd med føremålet i vedtektene for huset.

Ingfrid B. Hystad heldt andaktMen før mat og årsmøte skulle Ingfrid B. Hystad halda andakt. Ho tok fram ein spesiell bibel i tillegg til den som er full av bokstavar.

Den spesielle kunne opnast og inni var det fleire ting som skulle minna oss på innhaldet i Bibelen:  Plaster (for å reparera sår), ei lita bok (for bibelen består av 66 bøker), Flatbrød (for Guds ord er mat for sjela), Kart (for ordet viser oss vegen til Gud), ein pakke med gullpapir (for i Bibelen er mange skattar) og eit bilete av henne sjølv (for Gud er glad i oss).

Det vart ein fin og visuell andakt som alle aldersgrupper kunne forstå. Ho minna også spesielt om bibelordet i Matteus' evangelium, kap. 6 og vers 26, der Jesus fortalde til læresveinane sine: "Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?" 

Om det var mange gevinstar, så gjekk det fort å trekkja. Jens Tveit stilte opp med trekkje-program på berbar pc. Borna stod i lange rekkjer for å få bera rundt gevinstane til alle dei som vann ein eller fleire ting.

Så gjekk det mot slutten av basaren, men mot starten på den viktigaste kristne høgtida: Markeringa av at Jesus døydde og stod opp att for å redda alle menneska som vil ta imot hans frelse.

 

 
 

Sjå fleire gamle bilete her

Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.  

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2016
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Kofirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje julaftan
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
Oktober
Opning av Kjekt i Vik hallen
Utemøte med speidarane
Vassverket avviklar
Grendautvalet: Møte om vegen
TV-aksjonen 2015
Kommunestyret konstituert
Grannarkarusellen-resultat
September
Med gele og saft til Ølen
Kulturminister opnar hallen
Familiedag i Longåsdalen
Soknerådsval 14. sept.
Valet 14. sept.
Aadland fekk musikkstipend
Kjekt i Vik Hallen ferdig
August
Haustfest i Lio
Synfaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St. hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheiter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkj.
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 
Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
Vikebygd informasjon
Kyrkja i vikebygd
Speidarane i vikebygd
Kyrkjebladet Hyrdingen
 
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org