Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd

Nye stiar i Vikefjella

Sida er sist endra 9. mars 2016

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
 

Ny løype til fjells,
Sætrafjellet og Slåttskarnuten

av Roald Årvik 9.3.2016

- Ved å leggja løypa opp Røssedalen og Slåtteskar, så er ein nok også på gjengrodde stiar, skriv Roald Årvik. - No er stien klar, dvs. eg skal få opp nokre skilt før påske.
 
Roald Årvik fortel:
Vanlegvis så tar ein jo vegen frå Dommersnes og opp den umerka stien i Budalen når ein skal til Sætrafjellet, eller ein går frå Bjordal via Grautavatnet, der siste delen frå Grautavtanet ikkje har vore særleg godt merka.
 
Stien opp Budalen, inneber at ein lyt gå igjennom eit heller blaut kutrakk, og kyrne er ikkje alltid like kjekke å passera, ikkje den eg fekk oppetter ryggen ein gong i alle fall. Dessutan er stien svært bratt enkelte stader.
 
Fleire telefonar har eg fått oppe i frå Sætrafjellet av frå folk som vil ned til bygda, og nokre har eg gått opp og henta ned. Eg har og mottatt ynskje om ein merka sti opp.

 
For å sleppa Budalen så gjekk eg difor lenge og studerte på om det ikkje kunne vera andre måtar å koma seg til Sætrafjellet på, eg såg jo nede frå bygda, og på kartet, at det gjekk ein dal på skrå frå vest ovanfor Jupava og sør og oppover mot Slåtteskar. Dalen heiter Røssdalen. Eg gjekk fleire gonger oppover der, men traff aldri heilt slik eg hadde tenkt. Heilt til eg tok turen nedover der ein gong eg kom frå Sætrafjellet.
 
Då kom eg inn på det som kunne sjå ut til å verta til ein sti oppover, om ein ville ta seg tid til å gå opp og ned der ein del gonger for å finna dei rette svingane stien skulle gå, slik at den ikkje vart for bratt og ulendt og ikkje minst kunne ha fine utsiktspunkt. Difor har det vorte ein del turar oppover for å staka ut leia, og etter kvart minst like mange med brakjesaksa som trufast ven.
 
No er stien klar, dvs. eg skal få opp nokre skilt før påske, men tenkje å få ut informasjon om dette, sidan tida galopperer av garde, og folk kanskje vil planleggja årets turar.

Akkurat no ligg det ei stor snøfonn i Slåtteskar. Merkjepinnane synes ikkje, så ein lyt helst venta på litt snøsmelting. Og om nokon tar turen opp og finn skispor der, så ikkje lit på at dei vil ta dykk den rette vegen, eg har nok svinsa og svansa litt rundt der akkurat som eg ville, dei gongene eg var der med ski på beina.
 
Ved å leggja løypa opp Røssedalen og Slåtteskar, så er ein nok også på gjengrodde stiar, det skal finnast ein gammal sti opp der. Om den eg har laga nokre plassar følgjer denne, skal eg ikkje seia noko sikkert om, men eg vonar jo det. Samanlikna med stien opp Budalen så er det ein mindre bratt tur oppover Røssdalen, samt at stien er mykje tørrare. Den har fleire flotte utsiktspunkt, allereie medan ein er på skogsvegen og før ein er inne i skogen, så er det flott utsikt, og den blir berre betre og betre når ein passerar tregrensa. Difor så kan ein gå til eit av utsiktspunkta setja seg ned der og sjå utover, og så venda nasa heimover om ein ikkje vil ta heile turen den dagen. Eller ein kan jo berre ha Slåtteskarnuten som mål, og snu der.
 
Start frå kyrkja i Vikebygd Dessutan så får ein då lagt denne turen med start frå Kyrkja i Vikebygd, slik at ein får samla oppmarsjar for turar i Vikebygd på faste plassar (sjå lengre nede i artikkelen).
 
Frå kyrkja så går ein oppover mot Vikestølen. Ein tar av til høgre ved grinda like nedanfor vassverket sitt reinseanlegg og følgjer skogvegen inn i skogen. Stien føl ryggen vest for Røssedalen oppover, vidare opp til og oppover Slåtteskar, før den dreier mot vestover mot Budalen. I det ein er oppe øvst i Budalen, så er det også merkja ein liten avstikkar opp til Slåtteskarnuten. Her finn ein kanskje den finaste utsikten over bygda som eg har sett, om ein ikkje alt har fått den på dei andre utsiktspunkta på veg oppover. På Slåtteskarnuten så vil det liggja ei bok ein kan skriva seg inn i, den kjem og opp før påske.
 
Nokre hundre meter etter krysset opp mot Slåtteskarnuten så kjem løypa inn på den tradisjonelle stien som den følgjer vidare mot Sætrafjellet.
 
Beskriving av løypa finnes på: www.ut.no/tur/2.16373
 
Etter å ha venta forgjeves på at Sørabuen skulle merkja løypa frå Grautavatnet til Sætrafjellet skikkelig, så måtte eg ta pinnane og målarkosten i eigne hender seint i haust og fekk merkja den delen på skikkelig måte. Så no er det godt merkja frå Bjordal via Bårefjell til Sætrafjellet.
Sjå www.ut.no/tur/2.16413
 
Oversikt over løyper i Vikebygd.
Eg byrja for vel eit år sidan å leggja inn beskriving og spor av løyper i Vikebygd inn på web sidene til ut.nout.no. Det låg eit par der i frå før, men eg fann ut at alle turar i Vikebygd burde inn der. I sommar kontakta Stein Andor Sundve meg på vegne av grendeutvalet og spurte om eg kunne lage noko liknande, som det då viste seg at eg alt var så vidt i gang med. Då måtte eg nesten fullføra det eg byrja på, så no ligg alle fjellturar i Vikebygd inne på ut.no. Her kan ein sjå kart, det er eit interaktivt kart, så ein kan følgja spor, lengde og høgdemeter heile vegen. Om ein vil kan ein lasta sida inn på ei pdf-fil, skriva den ut, og ha den med seg på turen.
 
For dei som vil gå med gps så kan ein lasta ned sporfiler (gpx). Dette betyr også at om løypene skule gro igjen, så kan nokon ein gong i framtida gå spora nøyaktig opp med gps, eller kva utstyret måtte kome til å heite i framtida, - og rydda løypene på ny. Dermed skal dei vera bevarte for ettertida.
 
Nettstaden vikebygd.no, (som inneheld fakta om Vikebygd), har oversikt over alle løypene. Dei er der inndelt i 4 oppmarsj stader. Skartland, Bygdehuset, Kyrkja og Bjordal.
 
Løypene finn du her:
www.vikebygd.no/naeromradet/turloyper/
 
Det er alt i alt 19 turar som er beskrivne der.
Om du vil, så kan du søkje på ut.no, på Vikebygd slik:
http://www.ut.no/finn/?q=vikebygd
 
Skjer det noko vidare?
Vikebygd skal no har eit godt utval med merka løyper, men eg har blitt kontakta med ynskje at eg skal rydda nokre gamle gjengrodde stiar, som var i bruk før i tida. Desse vil nok ikkje ta oss langt av garde til fjells, men ein må ha turar av ulik lengde og høgde og. Så eg kjem nok til å sjå nærare på dette etter kvart.
 
Eg har elles eit par andre idear på lengre turar, men det får liggja og ulma litt ei stund til.

Les også her

Søndagen innbaud til fjellturar
av Roald Årvik 28.2.2016
Klikk for å sjå eit større bilde her
Naturen viste seg fram frå si beste side søndag 28. februar 
Buskarshompen sett frå aust. (Foto Roald Årvik)

Roald Årvik nytta søndagen til skitur i Vikefjella, og fortel i ord og bilete:
- Eg tok ein tur på ski litt utanom allfarveg i dag. Vanlegvis så går eg på ski i Sørafjella når det er nok snø til det, fordi nord for Longavatnet er det som oftast meir snøfattig. Men etter å ha strevd meg opp Kleivan og opp til Longavatnet, så snudde eg nasa nordover og følgde kraftlinja oppover mot Vikesvorsrufsa før eg snudde austover og kom opp på baksida av Buskarshompen. Frå der gjekk vegen vidare til Trollavatn, opp til Skrefjell og vidare til Trodlafjell.

- Naturen viste seg fram frå si beste side i dag. Sjølv om det låg noko skodde i bygda, var det sol frå klår himmel i fjellet, og nesten ikkje eit vindpust. Ei tynn superundertrøye var stort sett det som skulle til for å halda varmen.

- Etter å ha drive mykje med fiskebein gåing, så starta no nedturen frå Trodlafjell til Vikestølen. Her var det nokre stadar såpass bratt at det suste i luggen og bakover ein gryande måne. Siste del ned til Vikestølen vart slalom imellom bjørker.

- På Vikestølen så var det både Bjoabuar og Vatsbuar som nytta den fine dagen til å gå på ski. Eg tenkte meg mot Vats eg og, til Veldehytta, men tok ein omveg opp fjellet på sørsida av Longavatnet, Våbrekkefjell, ikkje å forveksla med Smalanutane.

- Nesten på toppen så fekk eg 3 ørnar sirklande over meg i 20 minutt. Eit fantastisk syn, dei leika og spela seg i lufta, å sjå ei ørn sveve i lufta er eit mektig syn.

- Frå Våbrekkefjell gjekk turen vidare til Veldehytta på grensa mot Vats, før returen gjekk tilbake til vikestølen og nedover Kleivane i veldig god fart.

Klikk for å sjå eit større bilde her
Trollavatnet er tilbakelagt.
Klikk for å sjå eit større bilde her
På veg opp mot toppen av Trodlafjell
Klikk for å sjå eit større bilde her
Frå Trodlafjell til Vikestølen
Klikk for å sjå eit større bilde her
Ørner i fri utfalding over Våbrekkefjell

 


Felles årsmøte for
Skjold og Vikebygd kyrkjesokn

i Skjold kyrkje søndag 28. februar

av Steinar Skartland 28.2.2016

Stor aktivitet og god økonomi pregar årsmeldinga frå sokneråda i Vikebygd då ho vart lagd fram på det felles årsmøtet i Skjold kyrkje søndag 28. februar. Statistikken viser gjennomsnittleg frammøte på gudstenestene på 76 i Vikebygd og 156 i Skjold.

Trusopplæringsarbeidet har god deltaking i samarbeid med lokale organisasjonar. Rekneskapen syner overskott.  Soknerådet for Skjold og Vikebygd går med stor optimisme inn i denne fireårs perioden. Neste år blir årsmøtet i Vikebygd, lova leiaren.
Les årsmeldinga for Vikebygd sokn 2015, her.

 



Gråvær i Vikebygd
Steinar 20.februar 2016

Vind, regn og litt snø pregar landskapet. 
Oppe i Viefjella ligg snøen eit godt stykke nedover.
 

Songsvaner i Vasslivatnet

Songsvanene på plass i Vasslivatnet
Steinar Skartland 13.02.2016
Isen har lagt seg på Vasslivatnet for ei lita stund. Så pass at Sangsvanene kunne finna seg ein plass oppå, i sørenden. Her har dei mange vintrar kunne beita på sivet der vatnet endar i eit vårmarksområde, myra som strekkjer seg frå Vasslia i aust til Vasshaugen i sør-vest.

Kor dei har vore tidlegare i vinter er ikkje godt å seia. I mange år var dei her som faste gjester, nokre vintrar i store flokkar på 60-80 svaner. Dei skifte mellom å beite i Vassli-vatnet, Lisstjørn, Bruarvatnet og fleire av vatna i bygda. Seinare år berre i mindre grupper og familiar.  Les meir her

Songsvanene er den største andefuglen og kan vega opp til 15 kg. Dei lever saman i monogane parforhold som varer i mange år, gjerne livet ut. Om sommaren hekkar dei i Troms, Finnmark, heilt oppe ved Barentshavet og på Island. Så kjem dei attende til fast stad om vinteren.

 



Speidarloftet 4.2.16

 

 

Sjå fleire gamle bilete her

Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.  

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2016
Mars
Kulturettermiddag 15.3.
Merka løype til Sætrefjellet

Februar
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje julaftan
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
Oktober
Opning av Kjekt i Vik hallen
Utemøte med speidarane
Vassverket avviklar
Grendautvalet: Møte om vegen
TV-aksjonen 2015
Kommunestyret konstituert
Grannarkarusellen-resultat
September
Med gele og saft til Ølen
Kulturminister opnar hallen
Familiedag i Longåsdalen
Soknerådsval 14. sept.
Valet 14. sept.
Aadland fekk musikkstipend
Kjekt i Vik Hallen ferdig
August
Haustfest i Lio
Synfaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St. hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheiter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkj.
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 
Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org