Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd

Bilete frå gammal tid i Vikebygd

Sida er sist endra 10. jan. 2016

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
 
Jordskifte i Kvamme 1960
Konfirmasjonsbilete frå starten av krigen
Kjenner nokon igjen desse på biletet?
Bygdakoner frå Vikebygd
Årvik skule 1912
Skule og ungdomskorpset 1970 og 1982
Slekt frå Dommersnes / Dommasnes

Jordskifte i Kvamme 1960

Per Vik rydda i gamle bilete o mai 2014, og kom over dette fotoet frå jordskifte (utskiftninga) i Kvamme frå slutten av 1950 talet og første del av 60-talet.

Karene er frå venstre: Olav Stene, Osmund Framnes, jordskiftedommar Moe, jordskiftemann Sigurd Møllerhaug, Bendik Veastad, Hans Kvamme (delvis skjult), jordskifteteknikar Kåre Roaldkvam, Knut Øvstedal, Norvald Kvalvågnes, jordskiftemann Tor A. Dommersnes, Helge Veastad, Sigvald Steinsland og Anton Kvamme. Bildet er tatt på tunet hos Hans Kvamme.

Konfirmasjonsbilete frå starten av krigen
Innsendt av Roald Årvik
Klikk bildet for å forstørre dette bildet
1939/40? Bak frå venstre: Ivar Trovåg, Henrik Vestad, Titland, Olav Lauvås (prest),
Gudmund H. Årvik (Havn), Gudmund Årvik (Årvik), Harry Jordal. 
Framme frå venstre: Marta Eggja, Brynhild Johnsen, Borghild Dommersnes, Gunnbjørg Jordal, Olga Skartland, Anna Alne.

Klikk bildet for å forstørre dette bildet
1941 Frå venstre: Sven Årvik, Johan Skartland, Ivar Skartland, Olav Lauvås (prest), Ingrid Dommersnes, Eldbjørg Alne, Berta Gangstø, Kristbjørg Alne (seinare Bjørnevik),
Astrid Revheim, Gunnbjørg Øvrebø og Aslaug Halvorsen.
 


Bilete frå 1913. Ungdommar på Vikestølen.
Kjenner nokon igjen desse på biletet?
av Rebekka Alne, 20.12.2013

Rebekka Alne har sendt dette biletet til Vikebygd.org og lurer på om det er folk i bygda som kan hjelpe med å finne ut kven desse ungdomane frå 1913 er.  Om du har namn på nokre av dei, så send det til: tilbakemelding@vikebygd.org .

Frå Rebekka Alne: Bilete frå Vikestølen 1930
Her har ungdommen sett seg stemne på Vikestølen i 1913, 100 år sidan! (Klikk for stort bilete)

Rebekka fortel om bildet:
-Legger med et 100 år gammelt bilde. Vet ikke hvem det er, men jeg fant bildet i et av Rebekka Alne (den eldste) sine album. Kanskje noen kjenner igjen noen familiære trekk?  
Mvh  Rebekka Alne


Bygdakoner frå Vikebygd
Kjenner du dei som er på bildet?
Sendt inn av Rebekka Alne.  Publisert 14.9.2013

Klikk her for å sjå stort bilde
Bygdakoner frå Vikebygd (Klikk på bildet for å sjå dei i større utgåve)

Rebekka Alne har sendt dette bildet til Vikebygd org og lurer på om det er folk i bygda som kan hjelpe med å finne ut kven desse bygdakonene er.  Om du har namn på nokre av dei, så send det til: tilbakemelding@vikebygd.org . Rebekka fortel om bildet:

-Bildet over er sannsynligvis tatt en gang før 1920. Muligens er det en misjonsforsamling. Tror ikke det var noe husmorlag eller Sanitetskvinner så tidlig. Det eneste som står på bildet er "bygdakoner fra Vikebygd". Kanskje det er noen som kan kjenne igjen enkelte av disse damene fra andre bilder. Jeg drar muligens kjensel på min egen farmor fra andre bilder.

-Hvis du synes det er en god ide å publisere bildet på Vikebygdsida får vi kanskje flere identifiseringer. Uansett er det et artig bilde, bare se på de forskjellige stilene i klesdrakt f.eks. Noen med tydelige røtter i 1800- tallet, mens enkelte av de yngre er skikkelig moderne.

Presentasjon av gamle bilete
Er det andre som har gamle bilete frå Vikebygd, så send dei gjerne inn så skal vi leggja dei ut på internett.


Over 100 år er gått
Årvik Skule 1912

Lærar Dahle og Lærarinne Betha Aarvik saman med elevane utanfor skulebygget i Årvik 1912
Kanskje nokon har namna på dei?  Så langt kjenner vi igjen:  Samson Skartland (2 i bakre rekke)
Knut Johnsen Skartland og Valborg Skartland (midt i 2. bakarste rekke).
Selmer Tindeland  og Gudmund K. Tindeland (ved Dahle), Alfred Skartland (midt i fremste rekke)
Gurine og Elisabeth (Stien) Skartland (med blondekragar ytst til høgre i 2, rekke)
Kanskje er det Hjørdis Skartland og Inga Årvik heilt til høgre i midtarste rekke.
  

SkulemuseetForeining starta
Vil ta vare på den gamle
skulen i Årvik

(1.11.2012) Torsdagskvelden, 1. nov. 2012, var det fyr i vedomnen i den gamle skulestova i Årvik.  Det lyste ut gjennom vindauga. I den mørke kvelden kom ein etter ein og fann seg plass på dei gamle skulepultane. Felles var eit ynskje om å få ta vare på minna om ei tid som var. Dei eldste som er bortimot 60 år kan hugsa skuleåra her. Alle borna i ei skulestove. Leiken ute på prærien, som det flate jordstykket nord for Fosselvegen vart kalla.

Stundom kjem det folk og spør om å få låna nøkkelen til skulestova. Dei har med seg slekt som er på besøk og vil gjerne visa dette unike bygget og fortelja: - Her gjekk eg på skulen då eg var liten. Fagfolk innan museum har sagt at dette huset har sin spesielle verdi fordi det ligg nettopp her. Slik hadde borna det når dei leika i friminutta. Ein annan stad ville det vore berre å visa fram gamalt inventar, men her er sjølve sjela i huset. Slik var det. 

Denne kvelden var dei samla 7-8 stykk, ennå i arbeidsfør alder, ikkje berre frå denne skulekrinsen. Dei fleste tok til i skulen etter at Årvik skule var lagt ned. Nokre hadde opplevd å ha ein skuledag her i gamle klede. Historie og samfunnskunnskap.  Dei ville verna om historia til denne grenda. Dei vil la borna og barneborna få del i vår lokale historie.  Våre røter i strevsame kvardagar - langt tilbake til ein skule som vart lagd ned i 1962.

Under leiing av Jarle Årvik vart vedtekter lesne opp, kommenterte og vedtekne. Ei foreining vart stifta: - Foreininga sitt namn er Årvik Skule og vart stifta 1.11.2012, las Jarle opp.  Dei nikka til. - Slik gjer vi det.  Så ber vi kommunen om å få overta huset.  - Me må ta taket av huset og fiksa det, vart det konkludert.  Det har ikkje vore lekkasje i huset, så det let seg reparera.  Fleire av dei frammøtte er erfarne snikkarar.  Jo, huset skal fiksast, var dei samde om.  Så vil dei prøva å ha opne dagar der folk kan få koma og sjå korleis skulen var før. Vaska og rydda så det blir triveleg der.

Etter vedtekter var vedtekne gjekk dei til val på styre.  Kjell Erik Gangstø vart leiar. Lene Skartland, Grethe Karin Tindeland og Cathrine Hamre Tindeland vart styremedlemmer og Jarle Årvik varamann. 

Eigentleg burde bygda hatt eit aktivt sogelag som kunne verna om dei kulturskattane som er att.  Nå rotnar dei ned ein etter ein, men ikkje alle. Årvik skule er ein av dei som det er både vilje til å berga og von om å lukkast med.

Les meir om saka her  


Vi tar også med eit bilete frå Årvik Skule i 1912
lagt ut av Steinar Skartland

Elevane ved Årvik skule i 1912
Lærar Dahle og Lærarinne Betha Aarvik saman med elevane utanfor skulebygget i Årvik 1912.  Kanskje nokon har namna på dei? Så langt kjenner vi igjen: Samson Skartland (2 i bakre rekke). Knut Johnsen Skartland og Valborg Skartland (midt i 2. bakarste rekke).
Selmer Tindeland og Gudmund K. Tindeland (ved Dahle), Alfred Skartland (midt i fremste rekke). Gurine og Elisabeth (Stien) Skartland (med blondekragar ytst til høgre i 2, rekke)
Kanskje er det Hjørdis Skartland og Inga Årvik heilt til høgre i midtarste rekke.

Les meir her 


Vikebygd skule og ungdomskorps
Klikk her for stort bilde
Korpset 1982

Klikk for større bilde
Korpset 1978

Søk etter slekt i Vikebygd (2010)
Med avstamming frå Dommersnes

(8.9.2010 Steinar)   David M. Shiffer, frå Chicago, Illinois, USA, ser etter slekt i Vikebygd. Bestefaren, John Andrew Knudtson, var fødd i 1865 på Dommersnes. Det var son av Knut Paulsen f.1816 og Britha Hermannsdatter f.1829.  Han sendte eit bilete frå Dommarsnes, ca år 1900 med spørsmål om kven desse var.  Med god hjelp frå Torfinn Dommersnes fekk vi sett namn på personane.

 Klikk her for å laste ned bildet i stort format

Namna på personane på biletet er:
1. Hans P. Dommersnes (gamle-smeden)
2. Kari Dommersnes (hans kone, også kalt: Smea-Kari)
3. Elling Dommersnes
4. Ingeborg Alne Dommersnes
5. Hans A. Dommersnes ("Litle Hans" / barn med kvite klede)
6. Brita Strand, med sine to barn framføre:
7. Lars Strand
8. Hans Strand 
9. Sunneva Alne Dommersnes
10. John Dommersnes (barnet på mora sitt fang)
- John hadde nettopp fått ny jakke med blanke knappar. Heile dagen stirde han på dei flotte knappane.
11. Jensine Dommersnes
12. Kristi Dommersnes  (barnet på mora sitt fang)
13. Ingeborg Alne (Mor til Su nneva & Ingeborg)
14. Brita Dommersnes (Leirhammer) (også kalt:"Isak-Brita")
15. Brita Leirhammer
 
3 barn framme:
Hans H. Dommersnes (son til Sunneva)
Svend Dommersnes (son til Jensine)
Johannes Dommersnes (son til Jensine)
 
2. rad frå venstre side::
 
1. Secilie Dommersnes
2. Kari Dommersnes
3, Anders Dommersnes (far til Kari & Tor A)
4. Tor A. Dommersnes (barn)
6. Knut Strand med sine døtre::
5. Anna Strand - 7. Kari Strand (Tvillinger)
8. Kanny Bøe
9. Elisabeth (Dotter til Jensine, vart sydame i Haugesund
10. Ivar Dommersnes (gift med Jensine)
11. Sissel Dommersnes (gifta seg og fekk e.namnet: Kallevik /dotter til Jensine)
12. Endre Leirhammer

3.rad frå venstre:
1. Knut Dommersnes (Gard: Bråtene) far til Hans K.D.
2. Kristian Dommersnes
3. Helga Dommersnes (Bråtene)
4. Anna Dommersnes (kona til Hans K. Dommersnes)
5. Helga Vik, mor til Helge & Johannes.

Les meir om dette her


Knudtson Bros Blacksmith Shop (USA)
- For slektssøk i Vikebygd, sjå her. -

Vi har nå funne ut ein del meir om slekta til David, som nok har mange slektningar her i bygda, m.a. på Alna og Dommersnes. Huset på bildet over er truleg gamlehuset på garden til Apeland (Der Johannes D. Dommersnes budde). Førenamn blir ofte kalla opp igjen, så då treng ein vel ikkje seia meir enn at namn som Paul, Inger og Knut går igjen. Men dette må vi dokumenterte nærare. David sender her bilete av søskena: John, Hermand og Paul med sonen Henry, utanfor verkstaden deira i USA, tidleg på 1900-talet:
- the Knudtson Bros Blacksmith Shop -
Klikk på bildet for å få sjå det i større format


Sjå fleire gamle bilete her

Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.  

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2016
Januar
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje julaftan
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
Oktober
Opning av Kjekt i Vik hallen
Utemøte med speidarane
Vassverket avviklar
Grendautvalet: Møte om vegen
TV-aksjonen 2015
Kommunestyret konstituert
Grannarkarusellen-resultat
September
Med gele og saft til Ølen
Kulturminister opnar hallen
Familiedag i Longåsdalen
Soknerådsval 14. sept.
Valet 14. sept.
Aadland fekk musikkstipend
Kjekt i Vik Hallen ferdig
August
Haustfest i Lio
Synfaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St. hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheiter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkj.
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org