Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Nasjonaldagen 17. mai 2015

Sida er sist endra 17. mai 2015


Etter gudstenesta og kransenedlegging med tale av 7. klassingane, stilte mange opp i tog. Barnehagen fremst og så korpset.
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 

Vêrmeldingane var regnbyer og vind, men 17. mai vart ein flott dag i Vikebygd der sola også kikka fram mange gonger.  Store og små kunne kosa seg ute med leiker, pølser, brus og is.  Dei sprekaste stod for flaggheising på Trodlanibba kl. 07:00. Speidarane heiste flagget i parken kl. 09:45, til flott hornmusikk av Vikebygd Skule- og ungdomskorps. Deretter samla folket seg til gudsteneste, kransenedlegging ved minnestøtta over krigsseglarane som ikkje kom heim igjen, tala for dagen av 7. klassingar og folketog til Bygdahuset. 

Vikebygd er ei av dei verkeleg privilegerte bygdene der folket kan oppleva å gå i tog til flott hornmusikk og trommer. Men fremst i toget i Vikebygd, like bak flaggborga, der går barnehagen.  Bygda og Noreg si framtid. Dei gledde seg nok også til leik og konkurransar ved bygdahuset, eller til å få eta så mykje is dei berre ville. For det lova Solveig.

På ettermiddagen var det underhaldning med nytt og gamalt frå Vikebygd Lokal TV.  Flotte musikkinnslag av Vegard Skartland og korpset.  Og sjølvsagt, eit verkeleg lokal-tv må ha vêr-melding. Den stod Kjetil Skartland for. Han varsla mykje vêr til sommaren, både i hagar og langs vegane.

Speidarane heiser flagget i parken.


Speidarane og korpset gjekk i tog frå parken til kyrkja.  Her fyltes kyrkjebenkene av festkledde bygdefolk i alle aldrar.

Korpset spela i gudstenesta, der speidarane stod flaggvakt. Sokneprest Jon Ådnøy forretta gudstenesta og på orgelkrakken fann vi Arne Tveit.

Alle elevane i 7. klasse hadde samarbeida om å skriva talen for dagen.  Denne blei dyktig og flott framført av Even Larsen og Ada Nagel-Alne.

Ada la ned krans på minnestøtta over krigsseglarane frå Vikebygd, som ga sitt liv på havet.  Deretter vart flagga rulla ut og korpset spela: "Ja vi elsker."

Siste etappe for tog og korps, langs bygdevegen forbi skulen og fram til bygdahuset.

Dagens konferansier, Solveig Hortman, var også ein av dei som spela i korpset og inviterte fleire til å bli med. 

Etter leiker, pølser, brus og is på bygdahuset, vart det underholdning.  Her med dyktige Vegard Skartland som song og spela.

Festen var lagd opp som lokalsending på TV.  Programleiarane var Solveig Hortman, Gunn Vikingstad og Ellen Skretteberg.  Dei hadde mange gode meldingar om hendingar i bygda.

Korpset hadde sin naturlige plass også i underhaldninga.  Vi lar oss imponere gong på gong kor dyktige og samspelte desse er.  Ikkje minst dei mange unge som spelar like reint som dei vaksne og erfarne.

Kjetil Skartland hadde vêrmelding for alle grendene og varsla mykje ver i hagane denne sommaren, bortsett frå på Tindeland der det ikkje var observert ver.

Valkampen er i gang. Her er det det nye og lokale partiet: Kvinnelig Hofteparti.
Hovedparoler er: "Ja til mjuke verdiar" og "Boikott slankeindustrien."

Tips: Ei klikk på bileta, om du vil sjå dei litt større.



(Klikk på programmet for å sjå eit større oppsett)
 

DUGNAD VED KYRKJA OG I PARKEN
TORSDAG 7.MAI

Soknerådet tok også i år initiativ til dugnad for å pynta opp rundt kyrkja før konfirmasjon og 17.mai. Blomar er planta i beda og dei har rydda rundt kyrkja og i parken. 

I parken har dei også skifta ut plantane i dei gamle kyrkjeruinane. Her er planta nytt og flott.

Flott innsats for bygda - og med takkar for innsatsen.

 


Lekkasje i kyrkjetaket
Sakrestiet får nytt kopartak
av Steinar Skartland, 5. mai 2015

- Det var lekkasje i taktekkinga av kopar, fortel Dag Hans Nagel-Alne som set i sokneråd og fellesrådet for kyrkjene i Vindafjord. Etter fleire lekkasjar gjennom mange år er det truleg vanskeleg å finna og tetta små tæringshol i koparen. Nå er stillas sett opp rundt sakrestiet ved sida av tårnfoten. Koparen er fjerna og nytt tak skal leggjast. Dag har også vore på inspeksjon oppe i tårnet, der truleg også er mindre lekkasjar, men har vanskar med  å finna kor det kjem inn.
 

 


Tilbake til hovudsida

 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2015 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2015
Barnetalet minkar
Speidaravslutninga
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Nasjonaldagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheter for FV 734 ?
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Naustområde Ulvebne godkjent
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år

2014
Romjula 2014
Julegudsteneste 24.12
Ny bru ved Vossaplasset
Julekonsert 14.12.14
Kor e' Vindafjord 10.12.
Lysmessa i kyrkja 7.12.
Lysa vart tende på juletreet
Årsmøte i Grendautvalet
Svanene på plass i bygda
Globalcafe med Speidaren
Familiegudsteneste 9.11.
Fornyar klubbhuset i båthamna
Grunnlovsjubileet 5.11.
Nytt kjøkken og kafe
Mitt Fargerike Nabolag
Frukost & konsert på butikken
Ymse frå november 2014
Tysvær Vepro steller graver
TV-aksjonen 2014
Veg til Vikestølen
Folketalet går ned
Tur til Longåsdalen
Ymse frå oktober 2014
Fotballkampar i Vikebygd
Fairtrade kommunen markert
Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Friluftsrådet 30 år
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
ÅRET 2014

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg