Vikebuen si Julemesse, 29. nov. 2014
av Steinar Skartland 29.11.14
Det
er tradisjon at det lokale kvinnelaget med namnet: Vikebuen, inviterer til
julemesse. I år deltok 31 med salsutstilling. Her var mykje flott,
både av husflid, sløyd, saft og bakverk.
- Dette er den største inntektskjelda til laget vårt, fortel Solveig Horman som
reknar med eit overskott på over 20.000 frå matsal og utloddingar. - Dei som
stiller ut for å selja her betalar ikkje noko for plassen, seier ho, og legg
til: - Men alle utstillarar må delta med ein gevinst til utloddinga.
Laget 'Vikebuen' har omlag nær 100 medlemmer, men dei ynskjer
seg fleire. - Det kostar berre 100 kroner i året å vera medlem, fortel Solveig
Hortman. Med seg i styret har ho: Inger Kathrine Sundve, Hilde Fredriksen,
Mona Schnabel, Else Karrin Vestbø og Eller Skretteberg. Trass i stor
aktivitet og mange medlemmer, så klarer dei seg utan at nokon er leiar.

Solveig Horman kunne ynskja ein fullsett sal velkommen då
klokka vart 12. Ho stod på scenen både som representant for styret i laget
Vikebuen og som deltakar i det store korpset. Musikkarane hadde også funne
plassen på scenen, kledd i like, raude hettegenserar. Under leiing av dirigenten
Andreas Ulveraker spela korpset fleire musikkstykke. Folket rundt borda i
storsalen kunne ikkje annan enn å la seg imponera over kor gode dei er. Ein stor
del av korpset er nå skuleungdom med hjelp og støtte av erfarne vaksne.

Fleire
av utstillarane har delteke år etter år. M.a. bakarmeister Jan Arne
Tjomsland med sal av smurte lefser, tørre lefser og flatbrød. Dørene var knapt
opna før folk kom berande ut på lefser i posar. Her er det Berit som
sikrar seg eit utval.
Oppskrifta har han frå Alma frå Hovin.
- Det er ei oppskrift frå Tønsberg, seier han.
- Eg har jobba i bakeri i mange år, men det var først etter at eg vart
pensjonist at eg starta med lefser, fortel Jan Arne og spanderer smaksprøvar.
I
eit mindre rom finn vi Tove Iversen frå Haugesund. Ho strikkar og heklar.
I tillegg har ho laga godteri.
- Eg reiser rundt på fleire julemesser. Neste helg skal
eg til Tveit i Nedstrand for å selja på open dag der, fortel Tove. Ho
brukar samarbeida med mora, men ho vart sjuk så denne gongen var ho aleine ved
salsbordet.
 Astrid
Genberg hadde funne seg eit bord i storsalen. Mellom dei strikka tinga
hennar var eit spesielt par med vottar.
Ordet 'Vindafjord' var strikka inn i mønsteret, og her kunne
ein også sjå både fjord og fjell.
|