Klikk her og gå til framsida

 

Sankt Hans feiringa

Sida er sist endra 21. juni 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Sankt Hans feiring med bål og grill i båthamna
Kosa seg i sol og bålvarme

av Steinar Skartland 23. juni 2014

Godt med folk i alle aldrar, born, ungdommar, foreldre og besteforeldre, tok imot invitasjonen frå laget Vikebuen.  Dei samla seg på benker og campingstolar nedanfor hytta til Motorbåtforeningen. 


Ungane bada i sjøen og dei vaksne grilla.  Einaste som mangla var tonane av eit trekkspel i bakgrunnen.  Kanskje kunne dei ha fått ein og annan til å svinga seg i ein vals? 

Men ikkje ein gong måken og kråka som spaserte i vasskanten fekk fram så pass lydar.  Drøsen og knitringa av bålet var det einaste som braut stilla. Ja og så eit dunk og to etter kvart som Dag kasta meir ved på bålet.  Tørt i terrenget.  Kunne ikkje leggja for mykje på om gongen. Men tørr var den gamle materialen så borna kunne varma seg etter kvart som dei kom opp av sjøen, innhylla i handklede og med hakkande tenner.  Nordavind er ikkje kjend for å vera varm, men dei fleste var samde i at det trass alt var betre med sol frå blå himmel i nordavinden, enn sydvest og regn.

Det er flott her på Bryggjebakken og i Båthamna etter at Motorbåtforeningen, Vikebuen og Grendautvalet har hatt dugnad og laga uteplass som passar både for sjøfolk og landkrabbar, med og utan grillmat.  Denne dagen kunne ein få kjøpa seg mat.  Kaffi og kaker smakte godt etter grillmaten.


Og så er her postkasse med bok, for dei som vil ta ein trimtur rundt nullen.
plakaten

Kvifor feirar vi Sankt Hans?  Kvar kjem skikken i frå?
Kvelden (Aftenen) den 23. juni, sankthansaften, er "vigiliefeiringa" før festdagen for Johannes Døyperen. Lukasevangeliet i Bibelen gir haldepunkt for at Johannes blei fødd omkring seks månader før Jesus (jamfør engelen sine ord til Maria ved då han kom med bod om at ho skulle verta mor til Jesus -link). Derfor er festdagen fastlagt til 24. juni, seks månader før Kristi Fødselsfest.  Les i Wikipedia.

 

 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.

Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Sankt Hansfeiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
Heile ÅRET 2013

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg