Godt Nytt År i Vikebygd

 

17. mai feiring i Vikebygd

Sida er sist endra 17. mai 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
17. mai feiringa i Vikebygd
av Steinar Skartland 17.5.2014

Ein av dei flottaste 17. mai dagane vi har hatt.  Om det yra litt på morgonkvisten så kom både sola og varmen til bygda og freista til ein utedag for små og store vikebuar.

Flagget kom opp på Trodlanibba klokka 7 om morgonen.  Når toget gjekk frå kyrkja kunne dei med gode auge sjå det vaia over fjellet også i år. 12 morgonfriske turfolk hadde sørgja for det.  For dei andre som ville sova litt lengre så kunne dei delta i speidarane si flaggheising i parken klokka 9:45.  Mange hadde teke oppstilling på vegen langs parken og korpset stilte opp inne i dei gamle kyrkjeruinane.


Speidartroppen heiste flagget og tonane frå 'Ja vi elsker' tona frå korpset.

Morgonen sitt første tog gjekk frå parken til kyrkja.  Flaggborg i spissen for Skule- og Ungdomskorpset.  130 fann vegen til kyrkja til ei gudsteneste med prostiprest Einar Andreassen.  Speidarane vakta flagga framme i koret og musikkorpset deltok også her med flott musikk.


Etter gudstenesta samla folket seg på kyrkjebakken.  Tidlegare rektor ved skulen i Vikebygd og sjømannsprest, Rune Birkeland, heldt ein god tale der han tok for seg Noregshistoria på ein levande måte, m.a. bakgrunnen for at Grunnlova vart til.  Talen vart avslutta med å lesa namna på dei sjøfolka som miste livet for fridomen, under den andre verdskrigen og å leggja ned krans ved minnestøtta.  Så kunne eit langt tog leggja ut på turen frå kyrkje, via eldrebustadane og opp til bygdahuset.  Her vart dagen feira med både god mat, leiker for store og små og venskaplege konkurransar.  Ein dag som borna såg ut til å storkosa seg.  Vi gir dei gode minne om ein dag som markerer 200 års jubileet for grunnlova og nasjonen Noreg.


Barnehagen får gå fremst i folketoget, rett bak flaggborga.  Korpset finn sin plass bak desse.


Å treffa oppi ei bøtte var oppgåva på denne stasjonen i leikane. 


Om det gjekk hardt for seg på banen under kampen mellom Bondelaget og Båtlaget, så var det likevel gemyttlig stemning og berre smil å sjå.


Gunnar Birkeland tok utfordringa i spissen for ein trio som drog traktoren over grusbanen.  Men om han er van med traktorar, både til salg og bruk, så vart han slegen av to litt yngre arbeidskarar. 


Etter litt diskusjon og kontroll av notatane frå konkurransen, vart Jens Morten Kolltveit og Lauritz Bjørnevik utnemnde til vinnarar av traktorpullinga.

Ettermiddagsarrangementet vart starta med song av barnekor saman med Lene Bjerga og Anne Lise Brekke Lien, som presenterte korprosjektet deira.  I juni skal dei ha konsert i Ølen. 

 
Du kan også sjå fleire bilete her (Fotoalbum)
 

17. mai feiring i Vikebygd
Programmet for dagen:


Vikebygdsongen
skreven av Birgit Veastad Helland
 
Melodi: Dei gamle fjelli (Ivar Aasen)

Å Vikebygd vår fagre bygd så ven ei bygd å sjå.
Ho ligg her lunt i livd og trygd av gamle fjella grå.
Og fjorden fin i storm og smil er med og hegnar inn
den bygda som me stundar til og elskar i vårt sinn.
 
Så vent det er vel ingen stad som her i bygda vår
og hugen vert så lett og glad når me på fjellet står.
Og ser dei gilde heimar her som lunt er kransa inn
av lønn og hegg og bjørketrær, ja gran og furu fin.
 
Og folket dyrkar jorda trutt, dei byggjer, plantar, sår.
Og sikkert vert her mykje rudt for kvart eit år som går.
Og alle gled seg når her er litt framgang i vår bygd -
Og kjenner at me har så kjær vår heimstad: Vikebygd.
 
Og alle dei som reiste ut dei lengtar ofte heim
til fjell og li og høgste nut, ja til kvar stubb og stein.
Så jamt i tankar bygda stig framfor det indre syn
når ho i soleglad her ligg i glans frå bryn til bryn.
 
Gud signe då vår fagre bygd sign folket som her bur
og lever her så godt og trygt hjelp at dei på deg trur
Sign alle dei som ute er og lengta mot sin heim
ver med din sterke arm dei nær Gud vara alle dei.
 
I kvardag, helg; i glede, sorg, det er så godt å gå
til Gud som er vår faste borg og som oss verja må.
Når kyrkja med sin klokkeljom oss kallar mildt derinn.
Ut over bygda tonar: Kom! Då vegen dit me finn.

 

 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.

Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbr.forhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
Heile ÅRET 2013

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg