Godt Nytt År i Vikebygd

 

Stimerking i Vikefjella

Sida er sist endra 13. febr. 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Legg til rette for friluftsliv i Vikefjella
Sti er merka mellom Børkjelandsskar og Longavatnet
Redigert av Steinar Skartland 22.1.2014

  - Etter ynskje frå Ola Harald så har eg merkja ein sti mellom Børkjelandsskar og Longavatnet, fortel Roald Årvik som endå ein gong har gjort ein innsats for at folk i bygda skal komma seg ut og oppleva fjellet i Vikebygd. Børkjelandsskar er det skaret der ein kryssar tregrensa på veg mot Trodlanibbo.

Roald fortel vidare:
  - No kan ein gå mellom Børkjelandsskar og Longavatnet nede i terrenget utan å måtta ta vegen opp på snaufjellet. Dette er ikkje noka ny oppfinning, løypa føl ein gammal sti, som det framleis er nokre merkjer etter. Opp Børkjelandsskar og til Longavatnet var vegen til Vikestølen for folk på Veastad før i tida.  - Eg skal ikkje påstå at den merka stien ligg akkurat i den ruta, skriv Roald, men deler av den er nok i gamle spor frå den tida. Dessutan har eg lagt stien litt aust for at om einkvan vil så kan han/ho merka ein sti til Trodlavatnet og kopla på denne løypa, Trodlavatnet er vel verdt ei vitjing, med eller utan merka sti.

  - Så det er berre å byrja og gå, eg har fleire ting eg jobbar med, rosina i pølsa blir kunngjord heilt til slutt, fortel Roald Aarvik.
 


Rapport frå Roald Årvik sitt stimerkingsprosjekt
Vikefjella meir tilgjengelege for turgåarar

lagt ut på web av Steinar Skartland. Foto og informasjon motteke frå Roald Årvik, 8.2.14

Stimerking i VikefjellaFleire gonger tidlegare er det her på Vikebygd.org fortald om nye stiar som er merka i Vikefjella.  Roald Årvik er mannen bak prosjektet.  Gjennom utallige timar på tur i skog og mark har han sett spor etter seg.  Spor i form av oppmerkte løyper som vonleg får endå fleire til å ta turen opp i Vikefjella for å oppleva naturen her på sitt beste.  Vi kan ikkje anna enn å takka han for innsatsen. 

-Eg trefte på Mona Fostenes i dag, fortel Roald Årvik i ein e-post på søndagskvelden. 
-Ho lurte på kva eg har bala på med i vinter, så eg får vel kanskje la ho få innsyn i det då.

Og her fortel Roald om det siste frå prosjektet han held på med:

-Eg har merkja den (usynlege) stien mellom Ulserhaug og Sætrafjellet, merkjene føl ganske trufast Øyvind Valen sine fotspor når han leier veg på Hardhausen. Dvs. frå Ulserhaug ber det nedover mot Mørkedalsvatna, der den kryssar bekkjen mellom Øvre Mørkedalsvatn og Midtre Mørkedalsvatn, før stien skjer tilbake oppover mot skaret i Bekkjardalsfjell frå søre enden av Holmavatnet, og vidare derifrå til Sætrafjellet. (Sjå den blå ruta på kartet som kan lastast ned her).

-I same slengen så merkja eg ei rute frå nordre enden av Byrkjelivatnet som knyttar seg på stien mellom Ulserhaug og Sætrefjellet, den treff stien om lag ved nordre enden av ytre Mørkedalsvatn. Tidlegare er det jo merkja løype opp til Byrkjelivatnet, så no kan ein ta til høgre ved reinseanlegget opp Børkjelia og fylgja merkja løypa fram til Ulserhaug om ein vil det. Om eg skal til Mørkedalsvatna på ski så nyttar eg den ruta. Om ein ikkje vil så langt, så er det og fint terreng og natur på vestsida av Byrkjelivatnet, der stien går. Sjå grøn rute på kartet her.

Klikk på kartet for å sjå ei større utgåve
Klikk på kartet om du vil sjå ei større utgåve av det.

-Eg har noko som eg byrja å jobba med på seinsommaren i fjor som eg vonar å få klart før april, fortel Roald vidare.  -Det er litt avhengig av når tela går i fjellet.  I fjor gjekk den ikkje før etter 17. mai, så det får eg koma tilbake til.
 


Vikebygd Idrettslag  Aktivitetsoversikt 2014

Klikk tabellen over for å laste ned som dokument.
 

Vikebygd Idrettslag kallar inn til ÅRSMØTE   
på klubbhuset 4. mars  kl 20:00  
Les Innkalling-SAKSLISTE
Saker må varslast til styret innan 17. februar.
 
 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jul i Vikebygd 2013
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg