Godt Nytt År i Vikebygd

 

Vikebygd kyrkje

Sida er sist endra 16. februar 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
 

Kyrkjebladet for Vindafjord kjem ut i postkassane torsdag 13.2.  Her kan du laste det ned og lese bladet på din pc.

Statlege midlar til trusopplæring
Endeleg har kyrkjene i Vindafjord, som ein av dei siste kommunane i landet, fått tildelt statlege midlar til trusopplæringstiltak.  Til nå har sokneråda klart å driva dette arbeidet med innsamla midlar, kommunalt tilskott og frivillig innsats. 

Les meir om dette i kyrkjebladet nr 1,  2014.

 


Kyrkjesøndag i Vikebygd
Flott familiegudsteneste der 70 deltok.

av Steinar Skartland 19.1.2014

Denne forblåste søndagen samla omlag 70 store og små seg i kyrkja i Vikebygd og fekk her oppleva ein flott time i saman.  Konfirmantane deltok aktivt med mange oppgåver i Gudstenesta.  Mellom anna stod dei for utdeling av bibelen til åtte 5. klassingar frå skulen. 

Når vesle Gabriel Bjørnevik vart døypt fekk ein konfirmant oppgåva med å tenna dåpsljoset og gi dette til familien som i dag skal ha feiring i lag på Gamlatunet. 

Sokneprest Jon Ådnøy er flink til å inkludera og til å formidla slik at både vaksne og born får oppleva det gode i bodskapen.  Før medliturg Brit Nelly Ness Tveit kunne lesa teksten for dagen måtte Ådnøy ta seg god tid til å hjelpa alle 5. klassingane med å finna fram rett side i den nye Bibelboka som dei hadde fått utdelt.  Slik kunne dei følgja med i teksten om når Gud skapte mennesket i sitt bilete.

-Eg trur på Bibelen, sa Jon Ådnøy, men det er inga naturfagbok.
-Når det står 'ein dag' så er det nok ikkje 24 timar, men det skjedde i den rekkefylgje som Både bibelen og naturfagboka fortel.  Mennesket vart til fordi Gud ville det og gjorde det slik. Gud tenkte fyrst: La oss skapa.  Mennesket er noko spesielt.  Vi fekk eit ansvar større enn det andre i skaparverket til å passa på alle ting.  Også mennesket er underlagt naturlovene, men vi er skapte i Guds bilete.

Etter Gudstenesta og det flotte orgelspelet som Arne Tveit stod for, stansa alle igjen ei stund til kyrkjekaffi framme i kyrkja.

 


Leir for søndagsskule/Laurdagsklubb
Søndagsskolekrinsen arrangerer to leirar denne våren: LAURDAGSKLUBBEN i Vikebygd er ein del av Søndagsskolen i Noreg sitt arbeid, og medlem i Karmsund-Sunnhordland Søndagsskulekrins.  Kontakt også Kjersti Bjerga om dette, eller du kan kontakte krinsen direkte om leirane. 

Påmelding til Elisabeth i søndagsskolen
Tlf 95274976 eller e-mail:  karmsund.sunnhordland@sondagsskole.no
 


Vikebygd sokneråd inviterer til
Gudsteneste og årsmøte 23. februar

av Brit Nelly N. Tveit

Sundag 23. februar er det årsmøte etter gudstenesta klokka 16.00. Som vanleg skal både årsmeldinga og rekneskapet for 2013 bli presentert.

Sak: Samarbeid med Skjold sokn.
I tillegg er det ein annan viktig sak som det skal informerast om; Eventuelt formalisert samarbeid med Skjold sokn.

I 2012 blei det oppnemnd representantar frå alle 8 sokna i Vindafjord til eit utval som skulle vurdera samanslåing av to eller fleire sokn. Arbeidet har pågått eitt år, og Vikebygd sokneråd har vedteke at ein vil gå vidare for å legga fram eit forslag kor ein søkjer om fire års forsøk med felles sokneråd med Skjold. Dette skal eventuelt vedtakast på eit eige soknemøte i april.

På årsmøtet no 23. februar vil soknerådet orientera grundig om dette slik at alle kan i god tid kan få innblikk i saka som kjem opp i eige møte etter påske.

Medlemmer i Den norske Kyrkja har røysterett
Både på årsmøtet og det komande soknemøtet har alle medlemmer i kyrkja som er busett i Vikebygd møte og røysterett.

Helsing soknerådet

 

 
 
 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jul i Vikebygd 2013
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg