Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Fiskefestival med boller og sol

Sida er sist endra 20. juli 2013

"Fiskefestival med mykje attåt"
Vel blåst Vikebygdfestival i strålande sommarvêr
av Steinar Skartland 20. juli 2013

Vêret gjorde nok sitt til at dette vart ein fantastisk dag, prega av kvinner i mange av rollane. Solveig Hortman kom som ein frisk pust frå Sørlandet og vart Vikebu og eldsjel i mange samanhengar.  Nå er ho general for Vikebygdfestivalen, ei leiaroppgåve ho gjer ein god jobb i og med godt humør.

Som ein kontrast til at kvinnene var i fleirtal vart det ein mannleg Bjoabu som stod for opningstalen. Lokalpolitikaren Kjartan Innbjo fokuserte på kommunen som var slått saman til ein for nokre år sidan.  Eit vellukka resultat for ein kommune som ein opplever som svært god å bu i, sa han og kunne skryta av vikebuen sine mange lokale arrangement, m.a. innan fotball. Her han trekte fram Vikeputten som eit av dei.   

Men om det var kvinner i mange rollar, m.a. ved alle salsboder, så var det menn som hadde kontroll på fiskevekta.  Roald Årvik passa lodda på den gamle butikkvekta og Knut Øvstedal lasta opp fisk etter kvart som dei 167 deltakarane i fiskekonkurransen kom med fangsta si.
 


Folk samla seg ved vekta med fangsten sin, der Knut Øvstedal og Roald Årvik kontrollerte.

 


Festivalsjef Solveig Hortman


Opningstalar og lokalpolitikar Kjartan Innbjo

 


Mest fisk fekk Vemund Styve med 10,05 kg.  Her saman med Synnva Styve som hadde fått 3,5 kg fisk og 3. plassen mellom jentene. 
 

Plassabakeriet er sentralt i Vikebygdfestivalen.  Bjørn Vik hadde hatt fyr i bakaromnen gjennom natta og køen var lang for dei populære snuringane.  Ingen protesterte på 20 kroner stykket, men fleire var å sjå meir enn ein gong i køen.  Inne på kafeen og i teltet var det mange som ville ha skaldyr buffé og suppe.  Om kvelden var det dans og show på Plassabakeriet med Roger Handeland og band.

Leon Møgster fekk premien for størst fisk (5,0 kg).  Men vart slegen av kona når det kom til mest fisk totalt.  Janne Møgster vart best av kvinner med totalt 7,9 kg fisk.
Beste gut Beste jente Beste mann Beste kvinne
  1. Andre Fostenes (5,35 kg)
  2. Luca Detz (5,12 kg)
  3. Jone Valdal (3,87 kg)
  1. Nina F. Hope (4,27 kg)
  2. Ingvild Vestre (3,9 kg)
  3. Synnva Styve (3,5 kg)
  1. Vemund Styve (10,05 kg)
  2. Harald Vetrhus (7,85 kg)
  3. Åge Wee (6,8 kg)
  1. Janne Møgster (7,9 kg)
  2. Sandra Elin Dagsland (4,54 kg)
  3. Beate Håland (3,85 kg)
Størst fisk: Leon Møgster (5,0 kg) Mest fisk: Vemund Styve (10,05 kg) Stintefiskar: Eline Røykenes (0,07 kg) Gåvekort 4000 kr:  Vebjørn Hjeltnes
       

 

Startsignalet har gått.  167 fiskarar sette kursen ut på fjorden.

Helikoptertur frå kyrkjebakken

Cathrine Nordseth song og spela saman med sonen Bjørn Ove.


Ein av dei som har vore med salsbu på Vikebygdfestivalen mange gonger er Karin Lurane frå Ferkingstad.  Saman med mannen driv dei gard på Karmøy og har der gardsbutikk kor dei i tillegg til grønsaker og andre produkt frå garden, også sel ulike fiskeprodukt. 

Her er røykjemakrell, tørrfisk, saltfisk og ulike kryddersild og spekesild.  - Desse kjøper vi hos Kyvik og pakkar dei sjølv i mindre glas, fortel ho. Då blir det litt deira eigne produkt.  Ho sel også lynghonning som ein nabo lagar, og er svært nøgd med omsetnaden i Vikebygd.

I trillegg til Vikebygd reiser ho på fleire festivalar, t.d. Etnemarknaden, festivalen i Vikedal og Dyrskuen i Seljord.



Hilde Fredriksen frå husflidsbutikken "Klokkargarden" i Vikebygd 
Hilde Fredriksen hadde med seg mange ting frå        Her var også aktivitetar for borna, som denne
Klokkargarden, butikken som ein finn ved å             "fiskedammen"
køyra opp til endes på vegen som tek til ved
Joker butikken.
 
Reiser ut som vikar
i sjømannskyrkja

Rune Birkeland, tidlegare rektor på Vik skule og sjømannsprest, kunne fortelje at han nå skulle reise ut igjen til sjømannskyrkja i New Orleans.  Her skal han vikariere. 

Vil samla dei gamle tinga.
Men her heime brenn han ennå for dei gamle tinga og historia.  Den gong han budde i Vikebygd og var med i sogelaget, fekk dei samla ein del større tre-ting frå gamle dagar.  Desse skulle nyttast til utstilling i ulike samanhengar og slik at skuleborna kunne få sjå dei.  Tinga vart sette i Falkeidløa på Veastad.  Birkeland hadde vore oppom og sett at dei står der ennå - etter 35 år.  Biletet syner Birkeland i samtale med Ingrid Mathilde Sørvåg om fleire gode idear han har for å laga ny aktivitet i Vikebygd rundt det historiske.

- Ute på Karmøy brukar alle lag med respekt for seg sjølv, å leggja tilrettes for ein busstur for medlemmane, seier han.  - Denne kan gjerne gå til Vikebygd om vi kunne leggja opp eit lokalt opplegg og tilby, gjerne med guide. Turen kunne t.d. gå innom skulemuseet i Årvik, eller innom eit bygg der desse gamle tre-tinga vart utstilt, oppom Bjordal, Gamlatunet mm. - Då må ein få til eit samarbeid om dette, slik at det ligg igjen nokre kroner til kvar av dei som er med, seier Birkeland som har stor tru på at dette kan la seg gjera om ein kan jobba saman om desse ideane.  Det lokale sogelaget vil vera viktig i ein slik samanheng.

Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Aktivitetsdagen
Vikestølsmarsjen
Trimpark i sentrum
Nye vegnamn
Turløyper i Vikebygd
Smeden besøkte kyrkja
Juli-august diverse
Dominikus runda 80 år
Kongegrava ved Trodlanibbo
Konsert med Tom Roger
Vikebygdfestivalen
Loppis for Bygdahuset
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Nyttårs feiring
Jul i bygda
Advent og vinter
Tenning av julegrana
Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
 
Frå ÅRET 2013
Frå ÅRET 2012

 

Lokale websider

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd
 
 
 
 
Fiskefestivalen etterlyser nest beste kvinne
Sandra Elin Dagsland har pokal i vente
av: Steinar Skartland 4. aug 2013

Pokalene for fikefestivalen Det var ikkje alle som kunne venta til pokalane vart utdelte etter fiskefestivalen. Festival leiinga har ikkje klart å få overlevert pokalen til Sandra Elin Dagsland som vant 2. plass for damer.  Om ho sjølv les dette eller nokon som kjenner henne, så vonar dei å ho tek kontakt for å motta premien.

- Me har nå sett pokalen på butikken i Vikebygd og vinnaren kan ta kontakt der, seier Gunn Vikingstad som ber om at vinnaren av 2. plassen vert etterlyst på internett.

http://www.vikebygd.org/2013/vikebygd130720.htm 

Invitasjonen til Vikebygdfestivalen
"Fiskefestival med mykje attåt"
Vikebygd laurdag 20. juli kl 12:00

Ta med deg fiskestang, båten og masse godt humør så skal du få ei sommaroppleving av dei sjeldne. Her kan du nyta den fine bygda vår saman med oss og prøva deg på aktivitetar for både store og små! Salsboder i mange variantar vil vera tilstades og du kan kjøpa heimelaga produkt, antikvitetar frå loft og andre spennande produkt.

Vil du fyka med helikopter? Det kjem i år også og har base ved kyrkja.


Plassabakeriet vil ha varme i omnen slik at vi alle får i oss nybakt snurring. På kvelden blir det dans. Vi gleder oss til å sjå nettopp DEG her i Vikebygd.

Program:
kl 12:00  Festivalen opnar. (Sal av nybakte snurringar; marknad med salsboder; aktivitetar for born og vaksne; grillmat, brus og is; musikk på kaien)
kl 13:00  Offisiell opning.  (Skaldyr bord på Plassabakeriet)
kl 14:00  Fiskekonkurransen opnar. (Påmelding kl 12:00 - 14:00) 
kl 16:30  Fiskekonkurransen sluttar.  Oppveging av fangst og premiering.
kl 21:00  Dans og show på Plassabakeriet. 
(Roger Handeland med band. Aldersgrense 20 år. Inngang kr 350,-.)
 


Fiskefestivalen etterlyser nest beste kvinne
Sandra Elin Dagsland har pokal i vente
av: Steinar Skartland 4. aug 2013

Pokalene for fikefestivalen Det var ikkje alle som kunne venta til pokalane vart utdelte etter fiskefestivalen. Festival leiinga har ikkje klart å få overlevert pokalen til Sandra Elin Dagsland som vant 2. plass for damer.  Om ho sjølv les dette eller nokon som kjenner henne, så vonar dei at ho tek kontakt for å motta premien.

- Me har nå sett pokalen på butikken i Vikebygd og vinnaren kan ta kontakt der, seier Gunn Vikingstad som ber om at vinnaren av 2. plassen vert etterlyst på internett.

10. sept. 2013:
Alle premiane skal nå vera delt ut

 

Link til FOTOALBUM VIKEBYGDFESTIVALEN

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland</.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg