Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen
Til hovudsida Vikebygd i februar Sida er sist endra 31. mars 2013
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Følg på Twitter i 2013 - klikk her


Nutaturane 2012
Ingen tvil - Roald og Petter er best til fjells

av Steinar Skartland 25.2.2013
 
 

Roald hadde 86 nuteringar og Petter 61. Det var Petter sitt  3. napp i nutastaven.

Far, Roald Årvik, og sonen Petter har eit imponerande tal med turar til fjells i 2012.  Ingen tvil - dei fortener verkeleg nutastavane.  Ungdomsstaven har vore vunnen av mange, og er nå full av inngraverte namn.  Kanskje dei vart for fort vaksne, alle dei med eitt eller to napp i ungdomsstaven? Men Petter har klart å vinna staven tre gonger, og får den nå til odel og eige.  Her har eg plassert dei med bakgrunn frå ein av turane Roald hadde 5. juli i fjor, med bygda i bakgrunnen.   Nå er det ikkje lenge før kassane vert sett ut igjen og store og små kan ta seg som mål å få merke eller kanskje eit napp i staven?

Det var omlag 100 som valde å bruka fredagskvelden på speidarfesten som vart arrangert i Bygdahuset.  Av desse var det 40 speidarar, med eit stort alderssprang.  Det kjem stadig fleire unge til som medlemmer medan ein heil del av ungdommane vel å halda fram som vaksne og leiarar.  Her får dei kunnskap for å klara seg ute.  Leirliv i telt og turar i lag. I starten av speidarfesten, etter at alle hadde forsynt seg av kaker, kaffi og pølser, fekk vi vera med på biletleg tur gjennom året som var, der kretsleiren i Vats var den store hendinga.  Dette vart etterfylgd av andakt, leiker og sketsjar. 

Kraftrop som kan skremma skrubben
Ein med Tveit gener i seg må kunna ropa høgt. Håvard Tveit leia speidarane gjennom konkurranse i speidarrop, mot foreldre og bygdefolk som vart leia av Britt Nelly. Eg trur dei unge vant, men dei runga godt også svara frå salen.


 
 
Men møter du opp på ein speidarfest, og attpå til er forelder, så må du vera budd på også å bli trekt inn i underhaldninga. Det kan av og til vera overraskande, som Tore Espeland nok fekk oppleve. Men nærkontakt med Sunniva er vel ingen dårleg hending for ein sjømann på land? 

Også fleire av borna måtte i tur og orden fram for å bli nærare kjent med denne unge kvinna som som har vore med frå ho var lita. Erfaringane og gledene frå turar og leirar får ho og dei andre leiarane dela vidare med nye generasjonar i positive aktivitetar og opplevingar.

Sunniva var også den som knytte tankar og sitt eige vitnesbyrd til den bibelske forteljinga om Peter som gjekk på vatnet bort til Jesus. Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa: «Herre, berg meg!» Med det same retta Jesus ut handa og greip han. Då dei steig opp i båten - stilna vinden.

-Vi har meir å vinna på å tru enn å tvila, og ikkje noko å tapa, la ho til. 

Speidarfesten vart avslutta tradisjonelt med at speidarane song speidarbøna før oppfordringa: "Ver budd!" og dei svara: Alltid budd!


Speidarane samla på scenen.  I tillegg var ein del vaksne speidarar i salen.
 

 

Populære nutaturar
Markering på speidarfesten 1. mars.

Gjennom tidene har mange fått merker for å ha vore på alle dei seks nutane i Vikefjella.  Du kan sjå oversikt over kven dette er, HER.

Biletet til høgre viser Kirsten Bjørnevik som får merke for å ha vore på alle seks nutane i 2012, Dette var det 12. året ho noterte seg inn på alle nutane.  Ein av dei 17 som har teke alle nutane på same år meir enn 10 gonger. 

Les om nutane her.


Petter Årvik fekk i år sitt 3. napp i nutastaven og får den til odel og eige.  Kan ikkje dy meg for å ta med bildet då han fekk sitt første napp i staven for nutaturane i 2007.

Ei orientering om nutane finn du her.

  

Fullmåne over Vikebygd
måndag 25. februar.

Vanleg oppfatning er at endringar i vêret skjer ved fullmåne eller nymåne, og at vêret fylgjer desse syklusane. Men for dei som stoler meir på vitenskapen så kan du få lokal vêrmelding frå yr.no, HER  
Songsvanene er igjen observerte i Vikebygd
(23.2.2013)
For nokre år sidan var det ein stor flokk songsvaner som hadde tilhald i Vikebygd gjennom vinteren.  Flokken minka og dei siste åra har berre nokre få vald Vikebygd som vinterheim.  Fire av dei fann vegen til Lisstjern ved Skartland denne helga.

 

Fantastisk høgt nivå på
UNGDOMMENS KULTURMØNSTRING I VINDAFJORD
av Steinar Skartland 2.2.2013

Vegard Skartland syng med Arne Tveit på el.pianoVegard Skartland på scenen under Ungdommens Kulturmønstring 1. februar.

Vindafjord si framtid stod på Scenen i Ølen kulturhus.  Og dette ser ut til å vera ei lysande framtid, særskilt innan musikk, kunst og kultur.  Dei var unge, men kvalitetsnivået var høgt på det dei framførte. Her ligg mange timar med både øving og god rettleiing bak slike presta-sjonar.  Her var det bikkje berre framføring av song og musikk, men ei innleving og kontroll over røyster og tonar som imponerte.

Vegard Skartland var ein av dei som verkeleg gjorde inntrykk på den fullsette salen i kulturhuset.  Så er han ikkje uvant med publikum.  For ikkje lenge sidan stod han på scenen som vinnar av "Stjernå", musikk konkurransen som vart arrangert av Haugesunds Avis.    Les meir her

 

Link til FOTOALBUM

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVATSLING

Frå tidlegare

Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Nyttårs feiring
Jul i bygda
Advent og vinter
Tenning av julegrana
Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
 
Frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org