Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

 

Nyttårsfeiring

Sida er sist endra 1. jan. 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Følg på Twitter i 2013 - klikk her

Kyrkjeleg overgang til eit nytt år
Mange valde midnattsmesse i Vats kyrkje

av Steinar Skartland 1.1.2013


Då klokka nærma seg 23:00 tok kyrkjeklokkene i den gamle, vakre trekyrkja i Vats å ringe inn, og folket samla seg i benkene.  Dei kom frå fleire av bygdene i Vindafjord. Mange av dei frå Vats, Vikebygd, Skjold og Ølen.  Sokneprest Jon Ådnøy forretta gudstenesta. Teksten for nyttårsaftan og dei orda Ådnøy sende med folket inn i det nye året, var frå Matt. 11, 25-30, der han siterte frå Jesus: "Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. For mitt åk er godt, og mi bør er lett."

Dei siste minuttane av året var det heilt stille i kyrkja.  Prest og kyrkjelyd var i stille bøn fram til kyrkjetenaren ringde 12 slag på kyrkjeklokka, presis då klokka var tolv og det nye året var eit faktum.

Ute var fyrverkeriet alt i gong. Kyrkjelyden vart ståande ved kyrkjetrappa og beundra lysspelet mot himmelen medan dei ynskte kvarandre: Godt Nytt År. 


Sokneprest (vikar) Jon Ådnøy saman med pensjonert prest Trygve Sandvik på kyrkjetrappa i Vats.

Felles sokneprest for kyrkjene Vikebygd, Vats og Skjold.
Stavanger bispedømme har hatt stilling utlyst som sokneprest i 100% stilling med særskilt teneste i Skjold, Vats og Vikebygd sokn.  Frå og med 1. januar går desse sokna over til det nye Haugaland prosti. Tilsetjing som sokneprest vil dermed også medføre at Vikebygd ikkje lengre har felles sokneprest med Ølen og Bjoa.  Søknadsfristen var 27.12.2012. Det er difor ikkje avgjort kven som får stillinga.  (Utlysing og info)

 

Nytt år med endringar for kyrkjene
Vindafjord er nå i nye Haugaland Prosti
av Steinar Skartland 1.1.2013

Frå januar 2013 er både Nordre Ryfylke prosti og Haugesund Prosti historie.  Eit nytt prosti, med namnet: Haugaland Prosti, er oppretta, med prosten sin kontorstad i haugesund (Les meir her).  Haugaland prosti har fylgjande fellesråd:
Bokn, Haugesund, Tysvær, Utsira og Vindafjord.

Hausten 2011 sendte bispedømmeråd og biskop eit forslag til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet om ei endring av prostiinndelinga i bispedømmet.  Forslaget hadde støtte frå alle kyrkjelydane i områda det gjaldt. 15. desember 2011 vedtok departementet at Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand skulle gå saman og bli Ryfylke prosti, medan Vindafjord skulle slutta seg til Haugesund prosti, som då skal gå over til å heitta Haugaland prosti.  Desse endringane trer i kraft på eit tidspunkt bispedømmerådet skal gjera vedtak om. På Stavanger Bispedømme si web side er endringa gjort og det blir vist til at kyrkjelydane i Vindafjord nå er del av Haugaland prosti.  Prost er Norodd Stavenjord.

 




Vi ynskjer alle eit godt nytt år 2013

Foto: Sølve Sundsbø / Det kongelige hoffKong Harald V sin nyttårstale 2012
www.kongehuset.no:
"Denne kvelden vil jeg begynne med å takke. Takke for alle de nære møtene med mennesker over hele landet som jeg og min familie er så heldige å få oppleve. I 2012 har både Dronningen og jeg fylt 75 år. Min søster prinsesse Ragnhild har gått bort. Jeg vil takke for alle gode hilsener vi har mottatt - og for all den varmen vi har følt fra folket gjennom både glede og sorg i året som har gått."  Slik innleia Kong Harald sin nyttårstale.

Les eller lytt til Kongen sin nyttårstale 2012, HER.

Foto: Sølve Sundsbø / Det kongelige hoff

 

Frå utlysingsteksten av ny sokneprest for
Vikebygd, Vats og Skjold:

(Søknadsfrist utgått 27.12.12)

Frå og med 1. januar går Skjold, Vats og Vikebygd sokn over til det nye Haugaland prosti.

Skjold, Vats og Vikebygd sokn høyrer til Vindafjord kommune, som ligg nordvest i Rogaland. Kommunen er vidstrakt med vakker og variert natur og gode tilhøve for friluftsliv i fjell og ved fjord. Det er eit rikt kultur- og organisasjonsliv i bygdene, med mange friviljuge og stor dugnadsånd.

I Skjold sokn er det 1389 innbyggjarar. Kyrkja er ei moderne og vakker arbeidskyrkje frå 1999. Vats sokn har 1279 innbyggjarar; kyrkja er frå 1855. Soknehus er under planlegging like ved kyrkja. «Naturlig mengihetsutvikling» (NaMu) er ein viktig reiskap i soknet. Vikebygd sokn har 562 innbyggjarar. Den særprega kyrkja har hadde 75-årsjubileum i år.

I Skjold og Vats er det forordna gudstenester annakvar sundag, medan det er gudsteneste i Vikebygd ein av fire sundagar. Dei tre sokna inngår i Vindafjord samarbeidsområde, som omfattar dei fem andre sokna i kommunen. Elles i samarbeidsområdet er det 3 sokneprestar, som deler på tenesteveker etter turnus. Prestane har fyrst og fremst fokus på eige særskilte arbeidsområde, men hjelper til elles i kommunen etter behov, til dømes ved ferie og frihelger. Ut frå gudstenesteforordninga er det naudsynt å henta inn prestar ut over dei tre sokneprestane ved nokre høve, og prostiet har ressursar til dette.

Soknepresten har kontor i Skjold kyrkje ilag med kontorsekretær og kyrkjeverje. 1 gong pr månad er det felles stabsmøte i kommunen. Utanom prestane er det kyrkjeverje i 100% stilling; organistar i 1,7 stilling; kateket i 70% stilling og kontorsekretær i 73% stilling. Det er nyleg utlyst stilling som kyrkjelydspedagog i 50%, relatert til trusopplæring. Sandeid fengsel blir betjent av prosti/fengselsprest frå naboprostiet Ryfylke.

Kyrkjelydane i Skjold, Vats og Vikebygd prioriterer styrking av gudstenestelivet, og involvering av friviljuge i gudstenester og kyrkjelydsarbeid. Gudstenestereforma er kome langt, med utprøving av ulike gudstenesteformer. Generasjonsgudstenester (G-17) har vore felles for Skjold og Vats i 5 år; der også kyrkjelyden i Vikebygd har teke del. G-17 samlar fleire generasjonar. Ved involvering av born, unge og vaksne har G-17 ført til stort engasjement og godt frammøte, særleg av småbarnsfamiliar. Det er ønskeleg at nytilsett prest vidarefører gudstenestearbeidet og G 17. Sokna har eit rikt musikkliv. Både korps, kor, band, songarar og andre musikalske krefter deltek på gudstenestene. I Vats er det nyrestaurert orgel; Skjold fekk nytt orgel i 2011, og Vikebygd kyrkje har eit svært godt kyrkjeorgel.

Satsingsområde for kyrkjelydane er trusopplæring for born og unge i samarbeid med barne- og ungdomsarbeidet til organisasjonane. Soknepresten er ein sentral medarbeidar i gjennomføring av trusopplæringa i kyrkjelydane, og ein viktig pådrivar i tverrfagleg samarbeid knytt til gudstenesteliv og kyrkjelydsbygging. Soknepresten har særleg ansvar for konfirmantarbeidet. Konfirmantweekend og «Lys våken» for 5. klassingane er høgt prioritert.

Barnehagedekninga er god. Det er barneskule i alle dei tre bygdene. Vats, Skjold og Vikebygd har felles ungdomsskule i Skjold. I Ølen er det vidaregåande skule. Til Haugesund er det ca 30 km.

 

 
 
 
 
 
 
 
 

Link til FOTOALBUM

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2012 ser du her.

 

LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
Vêrvarsling

Frå tidlegare

Nyttårs feiring
Jul i bygda
Advent og vinter
Tenning av julegrana
Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
 
Frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org