Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

ORD FOR DAGEN    

Vikebygd nytt:

Sist endra 13. mai 2012

mai 2012

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd


Lesarane kan sjølv leggja inn kunngjeringar av arrangement direkte på web sida, her:   
Klikk her og skriv melding
  
(Red. kan endra i innlegg).
NB. Bruk Internet Explorer for Windows eller Safari på iPad, for å leggja inn meldingar: 

 

Ser du ikkje heile innskrivings-feltet så  klikk HER.

Eller du kan sende inn melding om nyheiter, klikk her.


vikebygd.org som startside 

 

Vikebygd I.L. O-Gruppa
VIKESPRINTEN 5. mai 2012

Per Øyvind Valen og Aud Hognestad Taksdal vart best.  Klikk bildet for meir informasjon.(7.5.2011 Jon_Magne_S/Web.)  Per Øyvind Valen, Haugesund IL, og Aud Hognestad Taksdal, Ganddal IL, vann årets utgåve av Vikesprinten ved Svendsbø laurdag 5. mai. Per Øyvind tok sitt andre napp i vandrefatet og Aud sitt første. Dagen etterpå vann begge også sin klasse i kretsmeisterskapen i Ultralangdistanse i Haugesund. Aud tok då sitt 48. KM gull i seniorklassen for damer!

85 stk samt 15 småtroll stilte til start i det vekslande veret frå sol til haglbyger.
 Foto:  O-Gruppa / Jon Magne Svendsbø
 

Vikebygd Idrettslag arrangerte Vikeputten
700 born på fotballturnering i Vikebygd

(28.4.12 SteinarS)  Heile 74 lokale fotballag deltok i fotballturneringa for born på idrettsbanen i Vikebygd laurdag 28. april.  Det er fire fleire lokale lag enn i fjor, understrekar Rune Hetland. Både på dei åtte fotballbanane og langs sidelinja var det glade røyster å høyra.  Utan at nokon talde nøyaktig alle som møtte fram, er eit godt anslag omlag 1500 store og små som var på arrangementet.  Både spelarar, trenarar, familiemedlemer og bygdefolk.
Les meir her

 
112 kampar vart spela dei 8 timane arrangementet varte.  Fotballgruppa hadde ordna 16 dommarar, så godt som alle var frå Vikebygd.

Tore Espeland delte ut medaljar og diplom til alle deltakaraneRune Hetland har vore i spissen for Vikeputten i mange år, men i år fekk Roald Årvik ansvaret saman med Tore Espeland som hadde hendene fulle med premieutdeling til laga etter kvart dei var ferdige med kampane sine.  Rune rosar alle som har vore med i ulika ansvarsoppgåver og dermed er viktige for at arrangementet går såpass knirkefritt.  Arbeidsgruppene var delt i to skift som bytte klokka 12:30.  Då dei alle har nokon av sine eigne på banen fekk dei slik også vera med i heiagjengen på sidelinja.  Ein av premiane var ein diplom med bilete av laget på, og alle fekk medalje.

Fotballen i Vikebygd har utvikla seg gjennom dei 11 åra ein har arrangert Vikeputten.  I år stilte bygda med heile 8 av dei 74 laga.  For borna var det mest stas å få vera med på eit slikt stort arrangement, og kva stillinga vart ved slutten av kampen var det ikkje alle som var like opptekne av.  Gleda med å spela vart det som overskygga alt.
 
Les meir og sjå resultata frå Vikebygd sine kampar - HER

Sjå her i FOTOALBUM FRÅ VIKEPUTTEN

Tur og orientering i fjellet
Orienteringskart ligg klar på Såta

(Steinar S 22.4.12)  Orienteringsgruppa har lagt ei bunke med orienteringskart i nutakassen på Såta.  Fleire postar er plassert langs stien ned Buskarskleiva og i området langs Skjoraberg og nordover.  Her kan turgåarar som få prøve seg på orientering med enkle postar.
Klikk her for stort bilde    Klikk her for stort bilde
Orienteringspostar plassert ved Såta.

Klikk for stort bilde
Utsikt frå Såta mot Folgefonna

Klikk her for stort bilde.  Utsikt mot Sør-vest frå Såta.    Klikk her for stort bilde.  Såta, mot nord-vest.
Utsikt frå fjellet Såta, mot Vikebygd.  

Moderne skogsforvaltningltning
Utmarksbeiter i Årvik kalka frå helikopter
(28.4.12 SteinarS)  Helikopteret bruka berre 3-4 minutt på kvar runde med med den automatiske spreiaren.  I løpet av ein time var 15 tonn kalk spreidd over skogen i Årvik.
Penguin helikopteret spreier kalk i Årvik.  Klikk her for større bilde.   


Mange lurte på kvifor eit helikopter fauk i låg høgde over tretoppane, mellom Bakken og Årvik på laurdagskveld.  Det synte seg at helikopteret tilhøyrde selskapet Pegasus som var på oppdrag med å kalke utmarksbeiter i Årvik.  Ein tankbil med tankhengjar stod oppe ved brua over Bakkafossen.  Her fylte dei kalk på ein spreiar.  Kvart tredje minutt kom helikopteret og bytta tobben.  Ein operasjon som tok mindre enn eit minutt. Her stod også ein lastebil med drivstofftankar, der helikopteret måtte nedom ein tur for å tanke, halvvegs i operasjonen. 
Les om selskapet PEGASUS her.

Oddvar Hølland seier at kostnaden med dette ikkje er så stor samanlikna med det å kjøpa inn kalk i storsekk og spreia med traktor, noko som kan vera vanskeleg i ulendt skog og utmarks terreng.  Han hadde avtala kalkinga gjennom forsøksringen og var svært nøgd med resultatet.  Piloten var erfaren flygar som fordelte kalken godt og innanfor det området som var avtala.  Les meir her. 

Den gamle skuletomta er planert og fylt igjen
Klikk for større bilde (25.4.21 SS)
Med Lions Club i spissen gjekk folket i Vikebygd på dugnad for å riva gamleskulen.  I løpeet av nokre få dagar var bygget reve og tomta plannert.  Her ligg ein kommunal eigedom klar for gode idear - ei tomt i sentrum av bygda Vikebygd.


Les meir her

Den store styrkeprøven. 
Per Øyvind sette ny løyperekord i Skjold på Tvers!

(16.4.12 Jon Magne/O-gruppa:)
Per Øyvind Valen knuste den gamle løyperekorden til dei sterke o-løparane Bjarthe Westerheim og Glenn Tore Løland med 6 minuttar! Han brukte berre
2 timar og 10 minuttar på den ca. 24 km lange løypa
. Han skjønar nesten ikkje sjølv korleis han kunne springa så fort. Gratulerer! Les også om løpet på iskjold.no

Einar Marius H. Martinsen sprang også inn til ny personleg rekord på tida 2t55min sjølv med sterke krampar i beina ned frå Søljåsen mot Skjold skule.
Les også i Grannar.

Vil vi ta vare på skulemuseet i Vikebygd?
Kommunen vil flytta innbuet i skulemuseet i Årvik ut av Vikebygd og brenna bygget.  Men lokale entusiastar jobbar for å registrera eit as som skal overta museet.

(30.3.2012  Steinar S)

Årvik skulemuseum i VikebygdKommunestyremøtet 17. april handsama sak om Årvik skulemuseum, i Vikebygd.  I 2006 fekk ei lokal gruppe i Vikebygd utfordringa å etablera ei stifting med lokalt eigarskap til museet.  Til nå har ikkje dette lukkast, men dei arbeider med tanken om å stifta eit aksjeselskap som skal eige huset, fortel Kjell Erik Gangstø som leier denne nemnda.
Les meir om saka her.

Rådmannen føreslår:
"Skulemuseet i Årvik har ei uavklara stilling. Gruppa som fekk overteke ansvaret i 2006 har hatt vanskar med å laga ei juridisk organisasjon som formelt kan overta huset slik vedtaket var. Gruppa bør få frist ut 2012 på å ordna dette. Dersom dette ikkje er på plass bør kommunen sikra seg det mest aktuelle inventaret og så rive huset, eventuelt gi det til grunneigar dersom han er interessert."   Sakspapira for Kommunestyre møtet finn du HER

Sakslista og andre dokument ser du her.

Er det interesse i bygda for å ta vare på dei lokale historiske verdiane??
Eg utfordrar til at eit lokalt sogelag igjen kjem på banen og syner interesse for lokalhistoria vår før den går tapt.  Vidare oppfordrar eg dei som vart oppnemnd som lokal nemnd for å sikra skulemuseet i Årvik om å fullføra dette arbeidet. Eit felles løft for heile bygda.

 

Hjartestans rammar mange
HLR: Hjarte- lunge redning medan ein annan gjer klar hjartestartar(21.4.12) 5000 - 6000 får hjarte-stans i Noreg kvart år! Av desse vert 5 - 10 % redda. Så mange som 70 % kan overleva dersom ein straks startar hjarte- og lungeredning og har ein hjartestartar i nærleiken! Hjartestans kan ramma både unge og eldre. Det har vore fleire tilfelle med hjartestans på unge menneske ved t.d. idrettsarrangement, også i vår kommune. 2 av 3 som døyr på jobb, døyr av hjartestans! Difor har mange verksemder kjøpt inn hjartestartar og hatt opplæring på tilsette i bruk av denne.

Ein hjartestartar kostar i dag omlag 15 - 20.000 kroner, inkl. mva, og burde kanskje vore eit like naturleg utstyr også i heimen, som brannslukningsapparat og førstehjelpsskrin?
Les meir om dette her

Vikebuen har kjøpt inn Hjartestartar
- Nå har Vikebuen kjøpt inn hjertestartar til bygda, fortel Inger Kathrine Sundve.

- Denne skal vera tilgjengeleg, og til å ta med ut på større arrangement der det
samlast mykje folk, for eks. på Vikeputten eller Vikebygdfestivalen.

Kurs for å lære opp 10 personar
Den 12. mai arrangerer "Vikebuen" kurs der 10 personar i bygda skal få opplæring på akkurat den maskina som er kjøpt inn, seier Inger Kathrine Sundve til Vikebygd.org. Instruktøren kjem frå Bergen og kurset blir truleg 4 - 5 timer. Vikebuen ser for seg at dette kan bli ein spennande dag og tid til ein god lunsj og kaffipause.  Les meir her

Fantastisk dag i fjellet
Firfisle i vårsola

(Steinar S 4.4.12)  Ein tur til fjells vart ei flott naturoppleving.  På Såta, ikkje langt frå nutakassen, dukke den første firfisla opp.Klikk her for stort bilde

Les meir her  

Ørn i svev over Sætrefjellet

Klikk her for stort bildeDet har i mange år vore ørn i Vikefjella, og reir har vore observert i fjellet oppfor Ulvebne
Ørna svevde over Sætrefjellet

Les meir her

 

Turorientering i Vikebygd

Klikk her for å lese plakatenTurorienteringsopplegget for 2012 får du i butikken i Vikebygd og på Esso i Skjold. 
-
I år kan ein få skriva seg i ein av nutakasse-bøkene samstundes med at ein er ute på turorientering, seiar Kjersti H Bjerga. - Så har du tenkt deg til Såto, kan du kjøpe med deg eit turorienteringskart og ta ein annan veg nedatt. Elles kan ein ta turen inn til Longåsdalen og gå oppom hytta som Skjold bygdelag nå har overteke.

Det er óg i år foto-orientering. Turen og kartet er på Vikaneset i Skjold. Det er relativt lettgått terreng, men ein kan ikkje sykle eller gå med barnevogn slik som i fjor. Svarslippen for foto-orienteringa kan leverast der ein kjøpte fotoorienterings-opplegget eller til ein av dei ansvarlege for turorienteringa: Kjersti H. Bjerga, Øyvind Valen eller Harald Steinsland. 
Last ned ei orientering her
.

God tur!

Klikk og last ned turbrosjyre for Vindafjord 2012På tur i
  Vindafjord 
Kommunen har laga ei brosjyre med turmål i Vindafjord Den kan du laste ned ved å klikke på bildet til venstre.
Inni brosjyra finn ein informasjon om ni ulike turmål i Vindafjord kommune. Dersom ein går alle desse turane i perioden 14.04.12 – 14.10.12 er ein med i trekninga av gåvekort a’ kr. 2.500.-. I tillegg er det lagt til rette 5 turar for rørslehemma, rullestolbrukarar og barnevogner.
Les meir her.

Nutatur i Vikefjell
I Vikefjella er merka turløyper. Speidarane har sett opp 6 nutakassar i sommarhalvåret.
Du kan lesa meir om Nutaturane HER.

Turorientering i Vikebygd
Les meir her

Siste dag for gamleskulen
Klikk her for å sjå bilder i fotoalbummet
(Steinar S 29.3.2012)  Torsdag 29. mars kunne Jens Morten Koltveit setja grabben i skule-veggen og starta rivinga.  På nokre få timar låg alt i ei røys og brauten kunne triumfera oppå restane av det store bygget.  Att har me minner, gode og mindre gode.  Oppe på haugen står den nye skulen, som alt er vorten for liten og treng utviding for at dei hundre borna i skule og barnehage skal få plass til å sanka kunnskap for livet.  Plass til aktivitetar og leik.   
Les meir her, eller sjå
fotoalbum frå riving - Klikk biletet
Skartland 1. april
Vårsol og grøne plenar - snø på Vikefjella

Skartland 1. april  Klikk her for å sjå stort bilde.
Bilete tatt frå nord mot Skartland, med snøkledde fjell i sør 

Vikebygd Kyrkje
God og allsidig aktivitet i soknet
 
Les årsmeldinga for 2011 her.
Klikk her for stort bildeTidleg vår i Vikebygd.

Bilete teke laurdag 24. mars 2012.

På laurdagane er det ope i Klokkargarden
for dei som vil handla husflidsartiklar og gåver.
   Sjå meir her.

Vikebygd kyrkje
Eit kunstverk er på plass

Paul Magne Storebø - Smeden som har laga ljosgloben i Vikebygd kyrkje(25.3.2012 Steinar S)  Ljosgloben til kyrkja, er nå på plass laga etter mal frå ljosekrunene og utsmykkinga i kyrkjebygget. Laga  i smijern av pensjonist og smed, Paul Magne Storebø på Stord. Nå er den ferdig på plass og klar til 75 års jubilèet til kyrkja vår. 

Soknet har tidlegare fått pengegåve frå både laget Vikebuen og SR-Bank i Ølen.  Til saman kr 9500,-. Resten av kjøpesummen vert dekka av innsamla og oppsparte midlar soknerådet rår over.   
Les meir her.

Kyrkjelege endringar
Vindafjord vert overført til Haugaland Prosti

(17.3.2012 Steinar S)  Då Vindafjord kommune vart flytta over frå Hordaland til Rogaland, så vart den lokale kyrkja ein del av Stavanger Bispedøme og Nordre Ryfylke Prosti.  Etter lengre tid med drøftingar korleis framtidig prosti inndeling skal vera, vedtok Stavanger Bispedøme i november i fjor å endra prostigrensene og å oppretta både Haugaland Prosti og Ryfylke prosti.  Vindafjord og Vikebygd vert då i Haugaland Prosti. 
Les meir her.

Vikebygd kyrkje
Trillingdåp i Vikebygd

Søndag 18. mars var det gudsten-este i Vikebygd kyrkje.  Her vart trillingane Liva, Edle og Daniel borne til dåpen.  Ei hending som bår der høgtideleg for familien, men også for kyrkjelyden som får ta del i dette.  For borna er dette også ei markering av at dei vert lagde til kyrkjelyden som medlemmer av Den norske Kyrkja. Les meir her.

Vikebygd kyrkje
kyrkjelyden sitt årsmøte

Etter Gudstenesta 18. mars var det kyrkjekaffi og årsmøte for kyrkje-lyden i Vikebygd.  Leiar Brit Nelly Ness Tveit orienterte om aktiviteten i kyrkjeåret og presenterte  årsmeldinga for 2011.
 
Les meir her.

Speidarane på Seljestadtur

(13.3.2012 Arne Tveit)  Speidarane i Vike-bygd var på tur til Seljestad i helga 9.-11. mars. Dei overnatta i ovns-lavvo oppe i skogen ved Gamlestølen. Litt vått ver og føre, men full innsats og upåklageleg stil på skihoppinga! 

Sjå fleire bilete her
Eller heile artikkelen her

Stor speidarleir i Nedre-Vats

Sommarens leir for KFUK-KFUM speidarane finn stad i Vats, like ved Vatsvatnet og Vindafjordhallen, står det på websida til Haugaland krets av KFUK-KFUM. Her har speidarkretsen leigd ei mark med høvelege forhold. 

Les meir her om kvar leirområdet er, kven som er i komitéen og planlegginga!

Episenter på Svendsbø/Bjordal
Kraftig jordskjelv i Vikebygd

(14.3.2012 SS)  "Målingar frå Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk viser at skjelvet onsdag kveld hadde episenter ved Bjordal, midt mellom Isvik og Vikebygd", skriv H-avis.no, som har intervjua ein av dei som bur ved episenteret: Sevald Svendsbø
(Les meir på h-avis.no).

Skjelvet vart målt til 3,5 på Richters skala, og starta 6 km under bakken.

På 80-talet var det ein del jordskjelv på våre kantar, men det har nå vore roleg i mange år. Eit av dei største skjelva som skjedde 29. januar 1989, hadde episenter under Skånevik med styrke 4,2.  Dette førte til sprekker i fleire grunnmurar.  Jordskjelvet denne gongen, var mindre, men ein kunne merke det på ein stor del av Vestlandet utan at det er meldt om skader så langt..

Les heile artikkelen her 

Årsmøtet i Vikebygd Idrettslag
Aktivt lag med framtidsplanar.

(26.2.2012 SS)  Vikebygd har eit aktivt idrettslag, særskilt innan fotball og orientering, der det er ei rekkje arrangement som samlar både folk frå Vikebygd og frå eit stort distrikt elles.  Laget har 154 betalande medlem-mer.  På årsmøtet vart Åge Holsbrekken attvald som leiar.  Dei andre styremedlemmene i 2012 er:

Kirsten Erdal, Nestleiar; Berit Ryvik Skartland, Kasserer; Rolf Julsrud, Skrivar; Inger Kathrine Sundve, Styremedlem; Helge Helgesen, Varamedlem. 

Les heile artikkelen her 

Framhald - Les meir her frå 2012

Årvisse arrangement
Vikeputten  28. april 2012
Fotballturnering som samla heile 74 lag i 2012 (76 i 2011) og 700  born frå heile distriktet, til ein dag med fotballkampar frå morgon til kveld
LES MEIR HER
   
Vikesprinten  5.mai 2012
Orienteringsløp for Haugalandet og Sunnhordland.
LAURDAG 5.mai-12  Les HER
17. mai festen
Stor folkefest frå morgon til kvelds. Nasjonaldagen  
Vikestølsmøtet
Årleg i juni/juli
skiftet
Årleg tradisjon frå år 1900. Her samlast folket frå dei fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar.
Les meir om møtet i 2011. 
100 år på stølen
Årvisse arrangement
Vikebygd Festivalen 23. juli 2011

Utstillarar med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.  
Les meir. Sjå bileta HER.
Sjå Invitasjon til 2011

Vikestølsmarsjen
1. søndag i september

Idrettslaga i Bjoa og Vikebygd arrangerer familietur til Vikestølen.  Les meir.

Familieidrettsdag
erstatta Kvamsåsen Rundt
Arrangert: 24. sept. 2011

Ny giv med 'familieidrettsdag'.
Sjå bileta frå 2011 her, eller
Bildearkiv 2009 HER.  
Kvamsen-Rekordar HER.

 

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2012 ser du her.

 

LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

700 born på Vikeputten
Kalking med helikopter
Vikebuen med hjartestartar
Turar i Vikebygd
Rivinga av skulen
Årsmøte i Idrettslaget
Speidarbasaren
Digitale politikarar
Vekst i Laurdagsklubben
Idrettslaget får midlar
Gamle Skulen si framtid
Nyttårsfeiring
Full kyrkje på juleafta
Ljosmessa i kyrkja
Opning av leikeplassen i Lio
Prisar og stipend i kommunen
Desember og julebord
Framleis butikk i bygda
Tenning av lys på julegrana
Julemesse med fullt hus
19 nye tomter på Liofeltet
Globalaksjonen 9.11.2011
Konsert i Skjold Kyrkje
Klokkargarden butikk
Krinsmeister og Fotballfest
Inspirasjon til trusopplæring
50-års jubileum
Bedehus og basar
Kyrkjevalet
Kommunestyrevalet
Meir frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org