Klikk her for å gå til Vikebygd si hovudside
Kvamsåsen Rundt   -    Fotballgruppa   -    Orientering   -    Vikebygd Kyrkje   -    First Floor klubben   -   Speidarane   -    Laurdagsklubben

 Lytt til Radio Sunnhordland
Lytt til Radio 102


Søk på Internett  med Google:
Søk i VIKEBYGD.ORG
Andre nett-sider frå Vikebygd
(Klikk på bileta/linkane her:)
Vikebygd Kyrkje
Fotballgruppa
Kvamsåsen Rundt
Speidargruppa
Plassabakeriet Reataurant og Bakerimuseum
Vik Skule og Barnehage, Vikebygd
Vindafjord Kommune
Gammal restaurert gard m/ overnatting og selskaps-/kurs-lokalerLenke til Bjoanett - Nyhende og informasjon frå Bjoa.

Bygda vår


Kultur - Historisk
Plassabakeriet i Vikevik 
Bygdeturisme og gardsmat
Frøvikhuset - Gamlatunet 
800 år med kyrkjer i Vikebygd
Historiske kjelder og bakgrunsstoff 
Firma i Vikebygd:
Gangstø Transport 
Ålreit Ålfjordsenteret Coatchingskole
Byggfirma Dommersnes & Larsen AS  
Plassabakeriet 
Vikebygd Landhandel AS - Joker
Bjordal kurs og fritid  
Frøvikhuset - Gamlatunet
Kvamme Sag
Vikebygd Historien (Wikipedia)  (IKA-H)
Vikestølen - Møteplass i 100 år.

Vikestølsmarsjen søndag 7.sept.
(4.9.08) Nabobygdene Vikebygd og Bjoa har ein flott ting felles: Vikestølen. Årleg er det nær eit tusen små og store som tek turen innom hytta her oppe i fjellet. Av desse hadde 709 skreve namnet sitt for gratislodd i basarboka denne gongen. Men kven vart vinnaren av ryggsekken?
 

 
Så kom søndagen der Vikestølsnemnda arrangerte Vikestøls-marsjen.  Med flott turvêr var det nær eit hundre som gjekk til fjells.
Klikk her for å sjå større bilde frå Vikestølen
Tor Olav Liodden frå Vikebygd vel framme på stølen
 
Ute i den solrike haustdagen hadde Geir Vårvik rigga til med sal av lapskaus og pølser. Nok til over hundre mann. Men det vart nok ein halv kjele til overs denne gongen. Jarle Sandsgård gjorde opp status over talet på diplomar til deltakarane:  80 registrerte. Dei fleste tok turen frå Eikås på Bjoa, der 59 gjekk og 21 kom opp Feiensbrekkå frå Vikebygd.
Klikk her for å sjå eit større bilde av Geir på Vikestølen

Dei benka seg på terrassen med vener og kjende, medan dei mest sportslege konkurrerte i hesteskokasting. Det vart
knivskarp konkurranse om første-plassen for gutar mellom Mandius Vårvik og Tobias Steinsvik frå Vikebygd. Men premien enda hos Mandius. Gode råd vart gjevne frå dei erfarne til nybyrjarane, men hesteskoa ville hels trilla sine eigne vegar for dei fleste.
 

Klikk her for å sjå eit større bilde av Mandius og Thomas
Thomas Steinsvik og
Mandius Vårvik

 

Den største utfordringa kom då ein skulle trekka ut vinnaren av ein ryggsekk mellom dei som hadde skreve seg for gratislodd i basarboka. Vinnaren vart Renate Golm frå Cumlosen i Tyskland.
 
Johann Owe etterlyste mellom deltakarane om nokon visste kven 

Klikk her får å sjå eit større bilde av Dag og Johann Dag og Johann
fordeler premiane.

dette var, utan resultat.
- Me får etterlysa dei på Bjoanett og med plakat i bygdene, konkluderte han med. - Dersom vinnaren ikkje tek kontakt får vi eventuelt trekkja på ny neste år.

Men dei andre gevinstane, på lodd som var selde denne dagen, fann Dag Nagel-Alne vinnarar til som var kjende.

Fruktkorga gjekk til Ruth Vølstad medan Toralv Tveit fekk seg eit brannslukningsapparat. Elles vanka det både termosar og lykter i premiar.

 
Så gjekk ein fin dag på stølen til endes. Ingen geiter eller kyr vart mjølka, men idrettslaga i Vikebygd og Bjoa, som står bak Vikestølshytta og marsjen, fekk mjølka litt penger frå nøgde turgåarar til drifta av hytta. Ein fin innsats som dei skal ha stor takk for. Og når dei som kom på to eller fire hjul fekk delt på bensinen, så kom alle seg vel heim tilslutt.

Klikk bildet for å sjå det i større format.
Liv-Kari Bødtker gjev gode råd om kasteteknikken til den yngre garde.
 

Elles enda hesteskokastinga med desse vinnarane:
 
Jenter: Barbro Sælevik
Gutar: Mandius Vårvik
Damer: Marit Fosse
Menn: Ernst Sælevik

 
Sida er sist endra 8. september 2008.
 Radio Haugaland

ANDRE SAKER:
Digitalt KART: Vikebygd  
Lokale stadnamn i Vikebygd    CO2-Fri?
Slektsforskning:  SØK ETTER ANER
Telefonkatalogen - FINN NUMMERET  
Kart over eigedomsgrenser: FONNAKART

Vervarsling lokalt:
VERVARSEL for Vikebygd frå frå YR.no  
VERVARSEL for Nordabygdå frå SESAM 
VERVARSEL for Trovåg  frå SESAM
Langtidsvarsel 10 dagar

Lokale nyhende:
NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Haugesunds Avis 
Anna nyhende minutt for minutt 
Dagsrevyen frå NrK her
Speidarnytt:
Nutastavar til Roald og Petter Årvik  
Årsfest i speidaren 8. febr. 08   
Primitiv mat og uteliv
Speidaren aktiv igjen   
Ljosmesse med speidarane
Hulder og troll på Skartland

Roald og Petter Årvik Roald og Petter mest til fjells!

Det var nok mange i Vikebygd som lurte på kven som fekk napp i vandrestavane (nutastavane) for 2007.  Jo, Roald Årvik hadde klar margin til alle konkurrentar med å ha vore på heile 82 fjelltoppar i Vikefjella siste sommar og haust. Dette står det respekt av.  Sonen, Petter (1.klasse), fekk ungdoms-staven.  Han hadde vore på 20 fjelltoppar.  Er dette Vikebygd sine sprekaste, -eller er det nokon som vil ta opp kampen? 
Nutakassane kjem på plass igjen etter påske.


Kyrkjenytt
Soknerådet informerer
Gudstenestelista 
800 år med kyrkjer i Vikebygd  
70-årsmarkeringa i oktober 07
Konsert med Kristina Flatebø 13.mai
Bispevisitas 21.-25. mars 2007
Konsert medSteffen Sirris
Tripp Trapp på bedehuset 
 

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord ( YR.NO)
Lytt

Det skjedde i 2007  
Klikk her for å få minner frå året 2007.


 
2008

 
Her kan bli lagt ut linkar til informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland. 

Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider, så send ei melding om dette til Steinar Skartland. 
Tilbakemeldingar HER .

Det skjedde i 2006  
Klikk her for å få minner frå året 2006.


kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
firstfloor.vikebygd.org  
 


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller forening så ta kontakt med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Steinar Skartland 
 53769128
tilbakemelding@vikebygd.org 
  Morgen